Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tørkesommaren vil gje mangel på juletre om nokre år

– 40 prosent av trea vi planta i år tørka bort, seier juletredyrkar Mikal Hetland.

– Tørka får ikkje nokon konsekvens for salet i år, men ein må rekne med at 30-50 prosent av dei nyplanta trea har tørka bort, seier dagleg leiar i Norsk juletreservice, Mikal Hetland.

Det vil ha konsekvensar for både pris og mengda juletre som vert lagt ut for sal om nokre år. Norsk juletreservice er eit produsentlag som sel juletre til grossistar, kjeder og torghandlarar.

Ekstremtørken i sommar får konsekvensar for juletreproduksjonen. I Sverige vert juletrea grønare og dyrare, melder den svenske avisa Lantbrukets Affärstidning (ATL) på nett. I Noreg er situasjonen litt annleis:

– Det vert dyrka færre juletre generelt, og vi trudde vi skulle få ei prisstiging som følge av dette i år. Men ho kom aldri, seier Hetland.

Han plantar mellom 90.000 og 120.000 nye juletre i året, og er ein av dei som dyrkar flest juletre i Noreg.

Mangel om sju-ti år

Annonse

I år vil Hetland og Juletreservice selje mellom 70.000 og 80.000 juletre. I gjennomsnitt har salet ligge på 40.000-50.000 tre i året. Frå ei edelgran vert planta til ho er klar for hausting kan det ta sju-ti år. Då vil ein mangle tre, meiner Hetland, men prisstiginga kan kome før den tid.

– På sikt vil prisen på trea stige, men om det skjer om eitt år eller fleire kan eg ikkje seie, seier Hetland.

I Sverige har ein av landets største juletredyrkarar det same problemet som Hetland i Noreg; han har mista ein stor del av årets nyplanta tre.

– Ein svært stor del av nyplantinga har gått dukken, seier juletredyrkar Gunnar Göthner frå Skåne til ATL.

Sjølv store juletreprodusentland som Tyskland og Danmark fyl den same tendensen.

I Tyskland vert det rapportert om at prisen på trea kan stige med om lag hundre kroner på grunn av tørka. Men prisane stig òg fordi det vert planta færre tre på det jamne. Produsentane ser førebels ikkje at dette vil ha nokon større konsekvens for juletremarknaden.

Les også: Fortvilar over plasttre - men trenden snur

Neste artikkel

Engelsk universitet forbyr storfekjøtt