Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tørkesommar gav minste elvefiske på 30 år

Det blei fiska i underkant av 150.000 laks, sjøaure og sjørøye i dei norske elvane i fjor. Det er den minste fangsten sidan 1988.

SSB viser ein stor nedgang i fjorårets elvefiske. Foto: Norske Lakseelver

Den tørre sommaren vi har lagt bak oss må ta mykje av skulda for ein dårleg fiskesesong, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

Av den totale fangsten blei 78 prosent av fiskane avliva. 22 prosent vart sleppt levande ut i elva igjen. Dette syner dei førebelse tala for elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye 2017 frå SSB.

Stor nedgang

Det store biletet viser ein nedgang i fangsten, som i all hovudsak skuldast ein uvanleg varm sommar.

To av dei største, Målselvassdraget og Altavassdraget fekk nedgang. Målselvassdraget fekk ein nedgang på 5 prosent, og Alta hadde ein nedgang i fangsten på heile 42 prosent.

Det var likevel store variasjonar i dei ulike elvane, som kjem av ulik regulering av fisketida, i tillegg til kor mykje laks som gjekk opp i elvane. Den varme sommaren gav høg temperatur i vatnet og låg vasstand i mange elvar.

Annonse

Den norske delen av Tanavassdraget fekk flest laks i 2018. Der drog fiskarane i land 10.000 laks, sjøaure og sjørøye. Det er 33 prosent fleire enn i 2017.

I gjengjeld fall gjennsomsnittsvekta på laksen frå 5,5 kg i 2017 til 3,5 kg i 2018, og 98 prosent av fiskane frå Tana vart avliva.

Gaula og Orkla slapp flest fisk ut igjen

Etter Tana er det fiskarane i Namsenvassdraget som fekk flest fisk. Her fikk dei opp 7500 laks, sjøaure og sjørøye. Det er ein nedgang på 25 prosent frå året før, og 87 prosent av fiskane vart avliva.

Dei største vassdraga når det kjem til fang og slepp er Gaula og Orkla. I 2018 blei det fiska 5500 laks, sjøaure og sjørøye i Gaula, kor to tredelar av desse blei sleppte ut igjen. Det er 17 prosent fleire enn året før.

I Orkla blei det fiska 4200 laks, sjøaure og sjørøye i 2018, kor 67 prosent blei sleppte ut igjen.

I gjengjeld blei det en god sesong i Drammenselva og Mandalselva. Det blei fiska 3900 laks, sjøaure og sjørøye i Mandalselva. Det er 15 prosent fleire enn året før. Tilsvarende for Drammen dro fiskarane opp 3100 fiskar, 74 prosent fleire enn i 2017.

Neste artikkel

EU-razzia mot norske oppdrettsselskap