Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tømmertransport på betre vegar

Samferdselsdepartementet fordeler no 25 millionar kroner til å utbetre fylkesvegar med mykje tømmertransport.

Stadig meir tømmer blir frakta på vogntog opp til 60 tonn.Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix / NPK

– Flaskehalsar, til dømes i form av bruer som ikkje toler dei tyngste tømmervogntoga, gjer transport av tømmer langs smale vegar i Noreg tungvint. Ved å utbetre flaskehalsane vil vi styrke konkurransekrafta i skog- og trenæringa gjennom lågare transportkostnadar. Det blir færre lastebilar på vegane og betre miljø, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Store delar av vegnettet er no opna for tømmervogntog på 60 tonn. Ved å auke lasta på tømmerbilane kan talet på bilar gå ned med ein firedel. Dette vil gi reduserte klimagassutslepp og mindre energibruk.

Annonse

– Likevel fører nokre få flaskehalsar som ikkje toler 60 tonn, til at tømmernæringa nokre stadar må køyre med lettare last. Derfor fordeler vi no 25 millionar kroner i tilskot til fylkeskommunane for utbetring av fylkesvegnettet, seier Dale.

Det er lagt opp til å finansiere forsterking av mindre bruer slik at desse toler 60 tonn totalvekt. Pengane vert fordelt etter forslag frå Statens vegvesen som har fått innspel frå skognæringa.

Norges skogeierforbund anslår at utbetringane vil kunne gi årlege innsparingar for tømmertransporten på om lag 4 millionar kroner.

©NPK

Neste artikkel

Strengere regler skal hindre smitte av skrantesjuke i Nordfjella