Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Toglinje kan bli ny turistmagnet på Vestlandet

Når dagens toglinje mellom Bergen og Voss blir lagt i tunnel, kan den gamle traseen bli ny turistrute for syklistar og vandrarar.

Dagens toglinje ved Vaksdal. Her drøymer entusiastar om ein gang- og sykkelveg. Foto: Kari Hamre / NPK
Dagens toglinje ved Vaksdal. Her drøymer entusiastar om ein gang- og sykkelveg. Foto: Kari Hamre / NPK

– Dette er ei heilt unik moglegheit. Potensialet for turistnæringa er enormt, seier kommuneplanleggjar Gjertrud Karevoll i Vaksdal til Bergens Tidende.

I 2024 skal etter planen arbeidet med ny E16 og jernbane mellom Arna og Stanghelle starte. Når den er ferdig, blir dagens jernbanespor liggjande ubrukt.

Annonse

Entusiastar vil då bruke den gamle toglinja til ein ny gang- og sykkelveg mellom Bergen og Voss. I dag er det ikkje mogleg å sykle samanhengande mellom Bergen og Voss. Ein ny sykkelveg kan knytast saman med Rallarvegen, noko som betyr at den populære sykkelturen kan starte allereie i Bergen.

Jan Adriansen, som jobbar med å greie ut sykkelvegen på vegner av entreprenørselskapet Sweco, ser også stort potensial. Han har tidlegare vore med på å gjere Kongestien over Filefjell til ein av dei mest brukte turvegane i landet.

– Akkurat som her i Vaksdal, var det mange som ikkje forstod potensialet i ein gjengrodd tursti. I dag er Kongestien eit populært feriemål, med 30.000 besøkjande i sommar og ei blomstrande turistnæring, seier Adriansen.

Han ser for seg at folk vil stoppe undervegs for å ete på kafear i dei gamle stasjonsbygningane, og kanskje vil dei også ønskje å overnatte.

Neste artikkel

Norske turistdestinasjoner i kø for å bli bærekraftige: 115 kommuner har fått bærekraftige reisemål