Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

To ulvar felt på lisensjakt i Rendalen

Søndag ettermiddag vart det felt to ulvar i Rendalen i Hedmark. Fellinga er ein del av den pågåande lisensjakta, og no står det att ein ulv på kvoten.

Ulvane vart skotne rundt klokka halv fire søndag, og Fylkesmannen i Hedmark sende ut varsel om ulvefelling kvart på fire.

Plassen kor ulvane vart skotne, ligg utanfor ulvesona, og dermed er det att ein ulv på lisenskvota utanfor sona i Hedmark og Akershus.

Lars Gangås, fellingsleiar i Statens naturoppsyn (SNO) seier til Nationen at dei felte ulvane er ein hanne og ei tispe.

– Tispa er chippa. Vi har ikkje kontrollert chipen endå, men det er ikkje så mange dyr som er chippa, så det er truleg snakk om den kvalpen som gjekk att frå i fjor.

Hannulven var 47 kilo, truleg 2,5 år, og Gangås fortel at han ikkje har vore merka. Tispa var på 38 kilo, fortel Rovbase.

– Det kan hende vi veit kven han er, men det får vi ikkje vite før vi har analysert vevsprøvane.

Annonse

Har fellinga skjedd på reglementert vis?

– Eg har ikkje fått kontrollert skotplassane fordi det er for mørkt no, så det må eg gjere i morgon. Men begge ulvane vart felt med eitt skot og datt på staden.

Ulvane vart felt på søraustsida av Storsjøen, i Osdalsreviret.

Dersom tispa er den SNO dei trur ho er, var ho truleg i ferd med å etablere eit nytt par i reviret ho var fødd i.

Neste artikkel

Her har gaupa skaffet seg rev til middag