Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

To stjerner til Ask gård i Great Taste Awards

Ask gård foredling AS på Jevnaker har fått tildelt to stjerner i matprodusentane sitt svar på Michelin.

Sør i Oppland produserer Anne Marte og Kristoffer Evang (bildet) økologiske kjøtprodukt. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Garden har produsert økologisk spekemat sidan 2014. I dag fekk dei to stjerner under Great Taste Awards i London, for dei to salami-typane «Holy Baloney» og «Slegge». Den fyrstnemnde fekk to stjerner under same utdeling i fjor.

I alt 12.772 produkt frå over 100 land var påmelde til prisutdelinga. Dommarane fall pladask for spekepølsene frå Jevnaker.

– Dette er ufatteleg stas, GT Awards er som matens Oscar-utdeling. I år var det nesten 13.000 som deltok, og det blei delt ut fjorten stjerner i kategorien vår. Me tok to av dei. Det er nesten ikkje til å tru at vesle Ask gård på Jevnaker faktisk klarar det. Me er utruleg stolte av teamet vårt, seier Anne Marte og Kristoffer Evang i ei pressemelding.

Annonse

Dei er gründerparet bak den økologiske garden.

– Eg trur at fokuset på dyrevelferd, berekraft og handverk betalar seg. Det at me har dei beste råvarene som finst kombinert med dyktige folk, det gjev resultat. Det har vore mange år med utruleg mykje jobbing, men det er i stunder som denne at det er verdt det, held dei fram.

I løpet av dei få åra dei har produsert på garden har dei vunne fleire prisar både innanfor og utanfor landegrensene, mellom anna under Det norske måltid i 2017 og 2018 og Årets matspire 2018.

Selskapet har i dag fem tilsette, og leverer produkt til meir enn 400 butikkar og restaurantar i Noreg.

Neste artikkel

Seks av ti nordmenn vil endre kosthaldet for miljøet