Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

To av fem vil sove ute i sommar

Ei undersøking viser at to av fem nordmenn vil sove ute i sommar, anten i telt eller under open himmel, trass labert vêr.

Mange ungdommar har planar om å sove ute i sommar. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Undersøkinga viser at heile 63 prosent av dei som svarte på undersøkinga i aldersgruppa 15 til 24 planlegg å sove ute i sommar. I aldersgruppa 25 og 39 har 54 prosent tenkt å sove ute.

Annonse

– Det er gøy at så mange planlegg å pakke soveposen i ferien. Vi er derimot ikkje overraska over tala – det enkle friluftslivet er ein viktig del av feriekulturen som framleis står sterkt, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Han oppmodar vidare alle som skal telte eller sove ute i sommar om å rydde opp etter seg og ta med søpla heim.

(©NPK)

Neste artikkel

Norges mest erfarne bjørnejeger: – Usannsynlig at skutt binne i Engerdal hadde små unger