Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Titusenvis av reinsdyr står i fare for å svelte i hel på Finnmarksvidda – no er tidenes redningsaksjon i gang

Fem helikopter prøvar no å redde reinsdyra med 250 tonn fôr i det som er den mest alvorlege beitekrisa i nyare tid.

250 tonn fôr blir denne veka floge ut til reinsdyra som står i fare for å svelte i hel på Finnmarksvidda. Arkivfoto: Bente Haarstad
250 tonn fôr blir denne veka floge ut til reinsdyra som står i fare for å svelte i hel på Finnmarksvidda. Arkivfoto: Bente Haarstad

Tonnevis av mat blir floge inn på vidda for å unngå ein sveltekatastrofe. Dei fem helikoptera fraktar mat til reinflokkane som er langt unna vegnettet.

Dei store mengdene hardpakka snø har ført til ei beitekrise ein ikkje har sett maken til. Den har no vart i fleire månadar, og regjeringa har anslått at så mykje som 160.000 rein i Noreg kan kome til å døy av svolt i år.

– Dette er den største nødoperasjonen me har hatt, og den mest alvorlege beitekrisa i nyare tid, seier reindriftsdirektør Sunna Marie Pentha hjå Fylkesmannen i Troms og Finnmark til NRK Troms og Finnmark.

Aksjonen har vore i drift sidan fredag, og pilotane arbeider på skift i helikoptera som kontinuerleg flyg med fôr til dyra.

– Situasjonen har vore veldig prekær. No er me veldig glade for den hjelpa me får, seier reineigar Nils Peder Gaup.

Han fortel at det han fryktar aller mest er at drektige simler skal miste reinkalvane sine fordi dyra har fått for lite mat.

250 tonn fôr

Kvart helikopter kan berre ha med seg éin fôrsekk på 800 kilo om gongen. Etter planen skal det fraktast totalt 250 tonn med fôr til 20 siidaar frå depot i både Kautokeino og Karasjok.

Annonse

Pentha fortel at dei er over halvvegs i aksjonen.

– Til no har me floge ut 130 tonn, seier Pentha.

– Me har vore heldige med vêret så langt, men det er ein omfattande operasjon. Det varierer mellom 25 og 90 kilometer éin veg, så det hadde tatt tid å bruke snøskuter, seier koordinator Jens Ivar Hauge i Helitrans.

Pentha seier at nesten alle reinbeitedistrikt i fylket har meldt om reinbeitekrise. Før helikopter-planen blei sett i verk frakta fleire av reineigarane sjølve fôr ut til dyra sine for å unngå massedaud.

– I Finnmark har me 148.000 rein. Det kunne gått veldig gale viss reindrifta ikkje hadde fôra dyra sine. Det er fleire meter snø på vidda, og reinen kjem ikkje ned til maten, seier Pentha.

Denne løysinga blei for tidkrevjande og utfordrande, då avstandane til reinbeitedistrikta er så store.

Kan bli forlenga

Reineigar Gaup understrekar at dette handlar om dyrevelferd. Han håpar at hjelpa blir sett inn endå tidlegare neste gong.

– Dette er ein kjempekostbar operasjon. Me snakkar om fleire millionar kroner. Reineigarane er fornøgde, men fleire har spurd om me ikkje kunne ha kome tidlegare. Det skjønnar eg godt, men me har arbeidd ei stund for å få til dette, seier Pentha.

I fyrste omgang skal helikoptera flyge til og med onsdag, men reindriftsdirektøren utelukkar ikkje at aksjonen kan bli forlenga.

I første omgang skal helikoptera fly fôr til og med onsdag, men reindriftsdirektøren utelukkar ikkje at operasjonen kan bli forlenga.

Neste artikkel

Reineiere i Nord-Norge frykter sjakalen