Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tine set mål om berre norskprodusert fôr til mjølkekyr

– I åra framover skal me jobbe hardt for at stadig meir av fôret norske mjølkekyr et er produsert i Noreg, skriv Tine i ei pressemelding.

Tine set i gong tiltak for å auke delen norskprodusert fôr til mjølkekyr. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Tine set i gong tiltak for å auke delen norskprodusert fôr til mjølkekyr. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

– Dette krev eit godt samspel mellom mjølkeprodusentane, rådgjevarane og kraftfôrprodusentane, skriv Tine vidare.

– Ei brå endring i importdelane er krevjande, både med tanke på kostnader, effektivitet og andre mål, som til dømes feittinnhald i mjølka. Difor må me gjere endringane gradvis i takt med at me skaffar oss ny kunnskap. Men me må begynne no.

Styret i Tine har gjeve ein klar marsjordre om at det blir sett i gong eit arbeid med eit langsiktig mål om at alt fôr til norske mjølkekyr er produsert i Noreg. I dag ligg delen norsk fôr til mjølkekyr på litt over åtti prosent.

– Mjølk er eit fantastisk produkt, men det sel seg ikkje sjølv. Me veit at forbrukarane i aukande grad set krav til berekraft i heile verdikjeda. Norsk mjølk er kanskje den mest berekraftige måten å forvandle norske grasressursar til sunn, god og næringsrik menneskemat. Dette fortrinnet må me spele vidare på for å sikre mjølkesalet også i framtida, seier Styreleiar Marit Haugen i Tine.

Svekka legitimitet

Styret meiner legitimiteten til norsk mjølkeproduksjon styrast gjennom å leggje endå større vekt på bruken av norske fôrressursar.

Annonse

I debatten rundt klima, miljø og berekraft blir mjølk og meieriprodukt stadig kraftigare utfordra både av forbrukarar og miljørørsler.

– Me blir kritiserte for auka bruk av importerte fôrressursar. I dag går utviklinga i meir og meir i den retninga, og dermed svekka legitimitet til norsk mjølkeproduksjon, skriv Tine.

Tine skriv vidare at dei har gjort ei vurdering av kva moglegheiter som finst for å auke delen norsk fôr. Det kan vere mogleg å auke den betydeleg utan dramatiske konsekvensar for korkje yting eller produksjonsfordeling.

Vinn-vinn

Føresetnadene for ei slik endring er auka grovfôrvolum gjennom betra grovfôrkvalitet, auka avlingar, auka dyrking av olje og proteinrike fôrvekstar og prioritering av mjølkeproduksjon ved disponering av det norske fôrkornet.

– Betre grovfôr er vinn/vinn. Det gjev lågare kostnader, større tillit til norsk mjølk og auka berekraft. Prosjektet grovfôr 2020 viser at dei aller fleste har noko å vinne på grovfôrsida, seier konserndirektør Johnny Ødegård i Tine rådgivning og medlemsservice.

I tillegg til betre grovfôrdyrking nemner Tine eit tett samspel med kraftforindustrien og rammevilkåra i mjølkeproduksjonen som viktige kort i kampen for norskprodusert fôr.

– Prioritering av norske råvarer må difor følgast opp ved gradvis endring av verkemiddelbruk i tett samarbeid med faglaga og Landbruks- og matdepartementet.

Neste artikkel

Tine-sjef: – Når det begynner å fylles opp vann der, da er det krise