Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tillitsvald om permitteringane i Tine: – Det vil alltid vera bruk for rådgivarapparatet

Onsdag sendte Tine ut permitteringsvarsel til 120 rådgivarar. Hovudtillitsvald Ottar Råd seier at fagforeiningane håpar det blir funne alternative oppgåver til dei.

– Dette er ein svært krevjande situasjon for alle, ein situasjon me må løyse i fellesskap, både på kort og lang sikt, seier hovudtillitsvald Ottar Råd i Negotia i Tine. Foto: Mariann Tvete
– Dette er ein svært krevjande situasjon for alle, ein situasjon me må løyse i fellesskap, både på kort og lang sikt, seier hovudtillitsvald Ottar Råd i Negotia i Tine. Foto: Mariann Tvete

Onsdag blei det kjent at Tine permitterer 120 rådgivarar. Permitteringsvarselet gjeld frå 1. april. Tine gjekk ut og sa at ein del av dei permitterte vil bli sett til andre oppgåver i konsernet.

– Me har gått nøye gjennom alle grupper av tilsette i Tine rådgivning og medlemsservice (TRM), og vurdert kvar me trur bortfallet av arbeidsoppgåver blir størst. Me vel å varsle heile grupper sjølv om det opplagt vil vera enkeltfunksjonar innanfor gruppene der me finn relevant arbeid. Det er betre å varsle og trekke tilbake eller utsette permitteringar, seier direktør Johnny Ødegård i TRM.

Hovudtillitsvald Ottar Råd i Negotia i Tine seier at det alltid vil vera bruk for det «svært oppegåande rådgivarapparatet» til TMR.

– Både no og i framtida vil det vera bruk for dei. Høg fagleg kompetanse og brei innsikt i ein kompleks produksjon er vår styrke, og sikrar at mjølkeproduksjonen vil halde fram i heile landet også i åra framover, seier Råd.

– Det vil vera avgjerande for mattryggleiken vår, legg han til.

Råd seier også at det er viktig at Tine klarar å sikre dialogen og kontakten med mjølkeprodusentane, for å følgje opp eksisterande og nye avtalar som den enkelte rådgivar har med produsenten og andre kundar.

– Som eit offentleg krav for å avgrense smittepresset så skal direkte og fysisk kontakt mellom rådgivar og mjølkeprodusent reduserast mest mogleg. Dette er det ingen tvil om for alle som er rørte av denne situasjonen, seier Råd.

Stort inngrep

Annonse

Han fortel at permitteringsvarselet naturleg nok har vore vanskeleg for mange.

– Dette er ein svært krevjande situasjon for alle, ein situasjon me må løyse i fellesskap, både på kort og lang sikt. Det er eit stort inngrep i den enkeltes livssituasjon. Som alle andre stader så reagerer også me ulikt på eit slikt varsel. Dette er ein situasjon som svært få har opplevd tidlegare, seier Råd.

Dei dette ikkje gjeld i denne omgang opplever det som krevjande og vanskeleg når nærmaste kollega har fått varsel om permittering, fortel den tillitsvalde.

– Men, eg opplever også at våre tilsette er flinke til å ta vare på kvarandre, samt å støtte kvarandre i korleis den enkelte løyser situasjonen som har oppstått.

Ueinige i grunnlaget

Råd avslører at fagforeiningane i Tine er ueinige med leiinga om grunnlaget for permitteringane.

– Det er ei klar forventing at leiinga saman med dei tilsette dette gjeld gjer det dei kan for å finne alternative oppgåver innanfor Tine. Slik avgrensar ein omfanget av talet på tilsette som må permitterast. Grunnlaget for permitteringsvarselet var alle fagforeiningar i TRM ueinige med leiinga om, seier Råd.

I dette legg han at dei meiner det fanst fleire oppgåver og andre metodar å ta i bruk før permitteringane.

– Samstundes veit eg at det blir jobba godt med å redusere omfanget av varselet, seier Råd.

Han fortel at han veit om mange kollegaer som held hovudet oppe og snur seg rundt og ser på andre moglegheiter for å følgje opp produsentane gjennom ulike digitale kanalar.

– Ei løpande fagleg oppdatering og kompetanseutvikling for den enkelte produsent vil vera oppgåver som kan bli gjennomførte i tida framover, seier Råd.

Neste artikkel

Påske på fjellet: – Løypene har man helt for seg sjøl