Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Til sals: Småbruk med privat gravkammer

For 10 millionar kroner får du tre balsamerte lik med på gardskjøpet.

Småbruket Stua i Nittedal. Den spesielle eigedomen ligg til sals på Finn.no, og rommar mellom anna eit privat gravkammer. Foto: Skjermdump frå Finn.no

– Eg har aldri i mine 20 år i denne bransjen vore med på å selje ein eigedom der du får eit privat gravkammer med på kjøpet, seier eigedomsmeklar Werner Holthe hjå Privatmegleren i Lillestrøm til Romerikes Blad (saken er bak betalingsmur).

Småbruket i Nittedal kostar 10 millionar kroner. Eigedomen har adresse Stuaveien 121.

Sektleiar gravlagt på eigedomen

Annonse

Stua-eigedomen var staden der den vesle Stua-kyrkjelyden med sektleiar Ola Stua i spissen slo seg ned i 1904. Etter at Stua døydde på 20-talet blei han gravlagt saman med eigedelane sine og to kvinner på eigedomen. Dei tre blei balsamerte og lagt i kvar sin sarkofag under bakken.

– Den private gravstaden er merka med ein høg, flott obelisk, og ligg i eit skogholt rett nedanfor våningshuset. Det er godt skjult av tett småskog. Etter det me veit så er det altså eit gravkammer under monumentet, seier Holthe.

Gravkammeret må bli

Den spesielle eigedomen er på lista over verneverdige eigedomar i Nittedal kommune. Kyrkjeverje Torfinn Bø seier til Romerikes Blad at kjøpar av eigedomen må rekne med at gravminnet blir ståande.

Neste artikkel

Senterpartiet vil stoppe planene til Christen Sveaas om å splitte opp gården Viker