Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
– Eg har alltid vore inderleg glad i å lese. Ein god tekst er ei gåve, seier Ingebjørg Bratland. Foto: Astrid Waller
– Eg har alltid vore inderleg glad i å lese. Ein god tekst er ei gåve, seier Ingebjørg Bratland. Foto: Astrid Waller

Tekstgåver i adventstida

– Ein god tekst er ei gåve. No har eg samla slike gåver som kanskje kan gi deg ro og kos i ei stressa juletid, seier musikar Ingebjørg Bratland, som både er aktuell med ny julebok og ny julemusikk.

Den kjende songaren frå Vinje i Telemark debuterer no med juleboka «Klokkene kallar», der ho har samla ulike juletekstar og sjølv bidratt med nye julesongar. Snart slepper ho tre nye julelåtar. Den første heiter «Hei desember», og er også med på ein omfattande juleturné.

Julenostalgi

Klokkene kallar er ei bok som heile familien kan ha glede av, både i adventstida og i sjølve jula. Her er nye og gamle dikt, eventyr, forteljingar og songar. Det er blitt ei fargerik praktbok som osar av tradisjonell julestemning.

– Korleis kom ideen om denne boka?

– Eg vart spurd av Cappelen Damm i fjor om eg kunne skrive noko for dei, sidan dei meinte eg hadde skrive mange fine tekstar for barn og unge. Det syntest eg var ein artig førespurnad, og sa ja. Men så tok arbeidet med soloplata mi så mykje tid at det vart lite skriving. Derfor er dette blitt ein antologi der eg har samla nokre av favorittekstane mine skrivne av andre. Eg har alltid vore glad i litteratur, så her er nokre klassiske, gamle tekstar, og nokre heilt nyskrivne spesielt til denne boka – som eg synest er blitt skikkeleg fin. Dette er stor stas for meg, fortel Ingebjørg Bratland til Nynorsk pressekontor.

Måtte bli julebok

At det vart ein juleantologi sa seg nesten sjølv.

– Mange seier dei assosierer meg med jul, kanskje fordi eg har hatt julekonsert med NRK og syng tittelsporet til adventsserien "Jul i Svingen". Og så eg jo frå Vinje der det er mykje snø om vinteren som skapar tradisjonell julestemning. Å snakke telemarksdialekt er visst heller ikkje feil, seier ei lattermild Ingebjørg Bratland.

I tillegg til Ingebjørg sjølv, har antologien blant anna bidrag frå Sondre Bratland, Kari Bremnes, Gro Dahle, Odd Nordstoga, Gulraiz Sharif og biskop Kari Veiteberg. Blant dei klassiske tekstane finn vi til dømes Astrid Lindgren, Elsa Beskow, Alf Prøysen og Anne-Cath. Vestly.

– Dei store barnebokforfattarane frå oppveksten min måtte vere med. Eg har prøvd å finne historier som ikkje er med i andre typiske julebøker. Og så har eg fått med nokre nolevande forfattarar og biskopen i Oslo til å bidra med nye tekstar. Eg er veldig stolt av at Veiteberg takka ja til å bli med. Juleandakten ho har skrive blei nydeleg. Eg har eit nært forhold til Tøyen kyrkje, der Veiteberg av og til heldt kvardagsmesse då ho var bymisjonsprest. Eg likar preikene hennar og ho er så god til å formidle bodskapar med sitt opne og rause blikk på ting, seier Bratland.

– Men eg må også særleg nemne ungdomsbokdebutanten Gulraiz Sharif. Han har skrive eit veldig morosamt og sjarmerande bidrag til Klokkene kallar.

Ingebjørg Bratland synest tente stearinlys gir ein ekstra hygge i julemånaden. Foto: Astrid Waller
Ingebjørg Bratland synest tente stearinlys gir ein ekstra hygge i julemånaden. Foto: Astrid Waller

Juleminne

– Kva er jula for deg?

Annonse

– Advents- og juletida for meg handlar mykje om tradisjonell mat. Til dømes må eg ha rakfisken til far i desember. Elles er eg ikkje glad i store selskap, og har faktisk ikkje vore på julebord meir enn ein gong. Eg føretrekkjer å vere heime og lese ei god juleforteljing enn å vere ute og «svinse med svansen», for å seie det slik. Og for å få den rette julestemninga må det vere snø! Det er det heldigvis stort sett alltid heime i Vinje rundt juletider, seier Ingebjørg.

Ho er ikkje så glad i den amerikaniserte, glorete julepynten heller. Men å tenne stearinlys gjer det ekstra koseleg i desember, synest ho.

– I jula er eg van med at barndomsheimen min er eit ope hus. Vi har alltid plass til eit par ekstra gjester ved julemiddagen – ofte har det vore ungar. Så det er eit ekstra trøkk og mykje liv i heimen vår i jula. Det er fint, sjølv om det ikkje blir så mykje «julero».

Gode lesetunder

– Kva er ditt forhold til bøker?

– Eg har alltid vore inderleg glad i å lese. Heilt frå eg var lita jente har eg vore ein lesehest. Nokre av dei finaste barndomsminna mine er utan tvil frå høgtlesingsstundene. Mor las for far, meg og syster mi. Dei tre yngste brørne våre hadde lagt seg, og det gjorde det heile litt ekstra spesielt. Ei lesestund for oss som var eldst i huset, liksom, fortel Bratland.

Ho hugsar særleg «Julemysteriet» til Jostein Gaarder, der det vart lese eit kapittel for kvar dag i heile desember. Og det er akkurat slike lesestunder ho har så lyst til at andre skal få oppleve.

Illustrasjon frå boka: Malin Gyllensvaan
Illustrasjon frå boka: Malin Gyllensvaan

Finn ro i desember

– Derfor har eg laga denne boka. Eg har sjølv hatt så mykje glede av at ein god tekst kan gjere både dagen og kvelden rikare. Det finst mykje barnelitteratur som i grunnen er litt vanskeleg å forstå. I Klokkene kallar er det tekstar som eg meiner både liten og stor kan kose seg med, og kanskje gi litt ro og pause i alt julestresset, seier Ingebjørg Bratland.

– Eg minnest godt då mor henta fram julebøkene og julehefta i adventstida. Det var stor stas å bla i desse bøkene, som berre låg framme denne eine månaden i året. Du veit, det er noko ekstra med slikt som berre blir tatt fram ein sjeldan gong, seier Ingebjørg.

Juleturné

I november og desember skal ho ut på julekonsert-turné til 12 byar rundt om landet.

– Eg trur det blir veldig fint, og ekstra spesielt, med juleturné akkurat i år. Mange gler seg nok til å gå på konsert i denne tida vi er inne i. Eg har med meg berre to musikarar på scena og vi skal spele for maks 200 menneske per gong. Men vi skal få til å lage ei god stemning. Tekstane kjem tydelegare fram når det ikkje er så mykje «krimskrams» rundt, meiner Ingebjørg Bratland.

Turneen starta i Bergen 26. november og blir avslutta i Skien 18. desember.

Neste artikkel

– Du kødder ikke med kirkeklokkene