Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ulvebevis vart kasta i saka om den russiske ulven i Trysil

Ulvehovudet til den skotne Trysil-ulven vart destruert ved ein feil.

Ulven vart felt i trysil i desember i 2015. Foto: Politiet
Ulven vart felt i trysil i desember i 2015. Foto: Politiet

– Undersøkingar av hovudskallen kunne gjeve grunnlag for å slå fast om ulven var av den freda skandinaviske bestanden, eller ein ulv som har leve fanga. Men beviset vart kasta, seier advokat Morten Kjensli til TV 2.

Veterinærinstituttet tek ansvar og beklagar tabben.

Det er TV 2 som først omtalte saka.

Ein mann frå Trysil vart dømd i lagmannsretten til fem månaders fengsel, fordi han skaut ein ulv som han hevdar han frykta ville gå til åtak på hunden hans. I rettssaka kom det fram at ulvehovudet vart destruert av Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Gløymde å informere

Veterinærinstituttet gløymde nemleg å informere NINA om at hovudskallen som dei skulle undersøkje var ein del av ei politisak. Då vart skallen kasta.

– Skallen var saga i under obduksjonen, og var skadd då vi fekk henne sendt inn for å finne ut kor gammal skallen er. Vi kokte hovudet og trekte tenner for å gjere analysane. Så vart skallen kasta. Det er berre å beklage. Men det har skuld i at Veterinærinstituttet ikkje gav oss beskjed om politisaka. Då hadde vi sjølvsagt teke vare på hovudet, seier Frode Holmstrøm, som jobbar på laboratoriet på NINA, til TV 2.

Annonse

Veterinærinstituttet tek ansvar for og bed om orsaking for tabben, og seier dei trudde det var underforstått at undersøkingane skulle gjerast i samband med ei politisak.

– Kunne gjeve viktige svar

TV 2 skriv at ettersom hovudskallen er borte, er det eitt av mange argument i kravet om å ta opp att saka. Laboratorieundersøkingar av skallen kunne nemleg ha bidrege til svar på om ulven har leve vilt i naturen, ifølgje advokat Morten Kjensli. Den dømde mannen meiner ulven kjem frå ein dyrepark, og undersøkingane kunne gjeve svar på dette.

I kravet er advokaten klar på at avgjerande prov kan ha gått tapt då skallen vart kasta.

Ulven vart obdusert på veterinærinstituttet i Oslo og skallen vart så sendt til Norsk institutt for naturforsking (NINA) i Trondheim, for å avgjere alderen. Veterinærinstituttet meiner likevel ikkje at dei har vore med på å øydeleggje viktige prov i straffesaka.

– Nei. Ikkje konkret i denne saka. Slik vi ser det var det ikkje nokon som etterspurde dette med hovudet. Vi gav forsvararen mykje biletdokumentasjon av skallen frå obduksjonen. Eg meiner det ikkje var sentralt, men eg beklagar at det vart gjort ein feil, seier vilthelseansvarleg og seniorforskar Knut Madslien i Veterinærinstituttet til TV 2.

Neste artikkel

For å overleve i det tøffe klimaet på Svalbard utvikler planter egne triks