Alle dei fire største meieria i Sverige har fått med seg uroa frå mjølkebøndene i samband med vårsleppet, skriv den svenske avisa Landlantbruk.
I mars vart fleire av Arla sine arrangement spreidde på Facebook av dyrevernsaktivistar. Dei oppfordra til å slå endå hardare ned mot kusleppet enn før, og Arla valde til slutt å melde saka til politiet.
Etter rapportar om at fleire mjølkebønder har hoppa av vårens slepp, melder dei største meieria, Arla, Norrmejerier, Falköpings Mejeri og Skånemejerier likevel at dei ikkje lét seg truge.
– Ingen har hoppa av i frykt, seier dei til Lantlandbruk.
Meieria gjer sjølv grep for å sikre kusleppet, og fleire av dei deler tips frå Lantbrukarnas riksförbund, ”Tips och ”att tänka på” vid kosläpp”, med produsentane sine. Andre informerer påtalemakta, som igjen sjølv må vurdere om det er naudsynt å delta på kusleppet.
– I fjor var politiet på plass på det eine kusleppet. Dei kom forbi og viste fram politibilen, og det var eit triveleg innslag, seier Patrick Kunst, salssjef i Falköpings mejeri.
– Trist
– Det er svært trist at fleire bønder kjenner seg truga av dyrevernsaktivistar, særskilt fordi desse arrangementa gjer det mogleg for forbrukaren å oppleve jordbruket på nært hald, seier pressesjef Anette Gregow i Skånemejerier.
Ho fortel at meieriet er stolt av bøndene sine, og meiner bøndene er godt i stand til å sjå korleis dyra har det.
– Dei gjer ein fantastisk jobb, og kunnskapen deira om korleis dyra oppfører seg normalt, kan dei gje kyrne sine dei beste føresetnadene for at dei skal ha det bra, seier ho til den svenske landbruksavisa.