Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sukkeravgifta skapar trøbbel for Oskar Sylte

Brusfabrikken i Molde leverte underskot i 2018. Dei har likevel trua på auka sal i 2019.

Oskar Sylte Mineralvannfabrikk AS gjekk med underskot i 2018. Avbilda er den kjende pærebrusen deira. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Fjoråret blei andre år på rad med underskot for Oskar Sylte mineralvannsfabrikk, skriv E24.

Rekneskapen frå 2018 viser nærmare tre millionar kroner i minus på botnlina.

Sukkeravgifta har ein god del av skulda, viser selskapet til sjølve i årsrapporten. For medan regjeringa gjekk tilbake på avgifta for sjokolade og godteri, blei den ståande for sukker og brus.

Økonomisjef i Oskar Sylte, Johnny Ræstad, seier at sukkeravgiftene er for høge.

– Det er ei kunstig høg sukkeravgift og ei utdatert grunnavgift, seier Ræstad til E24, og legg til:

– Samstundes er dette likt for alle, og me ønskjer ei sunn utvikling som gjer at forbrukar vel å kjøpe brus i Noreg, og ikkje utanfor landegrensene.

Skal selje i heile landet

Salsinntektene utan avgifta var på litt ovre 83 millionar kroner. Etter avgifta sit Oskar Sylte att med ein omsetnad på 53,8 millionar.

Annonse

For 2017 låg den på rundt same nivå – på 54,67 millionar kroner.

Ventar flat marknad

Ræstad seier at brusmarknaden er flat for tida, og blir styrt av kampanjetrykk frå Pepsi Max og Coca-Cola. Prioriteringa til brusfabrikken i Molde er no å auke distribusjonen og få plass til brusen i butikkar frå Lindesnes til Nordkapp.

Nytt design

Det skal eit nytt samarbeid hjelpe dei med.

Selskapet har nemleg signert ei avtale med importøren Multibev, som skal selje produkta deira over heile landet, i alle fylke utanom heimfylket Møre- og Romsdal.

Det har Ræstad stor tru på.

Økonomisjefen hintar også om store nyheiter på designfronten i løpet av hausten.

– Det kjem eit nytt design der me gjer merkevara vår meir tydeleg og skil mellom med og utan sukker. Det vil gjera Oskar Sylte meir kjent, og forhåpentleg godt tatt imot av alle som heiar på brus frå Oskar Sylte og motpolen til brunbrusen frå dei internasjonale gigantane Pepsi og Cola, seier Ræstad.

Neste artikkel

Skognæringa: Utbedring av jernbanenettet kan ta bort hundrevis av lastebiler fra veiene hver dag