Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Styrtregn førte til millionøydeleggingar i fjor sommar

I juli og august i fjor førte kraftige styrtregn til øydeleggingar som kosta 136 millionar, viser forsikringstal.

I juli og august i fjor førte kraftige regnskurar til øydeleggingar for 136 millionar, viser forsikringsstal. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
I juli og august i fjor førte kraftige regnskurar til øydeleggingar for 136 millionar, viser forsikringsstal. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Øydeleggingane etter overvatn og vassinntrenging på privat eigedom og bedrifter i juli og august i fjor auka til 136 millionar kroner frå 104 millionar kroner i same periode året før.

Annonse

Det går fram av skadetal frå bransjeorganisasjonen Finans Norge, skriv forsikringsselskapet If i ei pressemelding.

– Det er først og fremst i sommarmånadene folk får kjellaren full av vatn etter styrtregn. Særleg byar og tettstader på Austlandet er utsette, seier kommunikasjonssjef Sigmund Clementz i forsikringsselskapet If.

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for styrtregn for delar av Austlandet og Sørlandet måndag og tysdag.

Neste artikkel

Ekstrem vasskadevekst: Slik sikrar du heimen din