Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Studiestadane på Vestlandet får ikkje fylt opp plassane

Berre Bergen klarer å fylla opp studieplassane ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Dei andre fire stadene slit med å få nok studentar til studieprogramma sine.

Hovudbygget til Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Foto: Harald Groven / HiSF

11 av studieprogramma ved HVL har fylt opp mindre enn 60 prosent av dei planlagde studieplassane ved studiestart. Sju av programma er i Haugesund og på Stord, skriv Khrono.

Situasjonen er likevel verst i Førde, som berre har studentar til 70,9 prosent av dei planlagde studieplassane. Stord har ei dekning på 76 prosent, medan Sogndal har 86,9 prosent, og Haugesund har studentar til 93,9 prosent av dei planlagde studieplassane.

Annonse

I Bergen møtte 101,4 prosent av studentane per 15. august.

Professor Oddmund Løkensgard Hoel ved HVL i Sogndal peikar på at utviklinga kjem av årsaker som høgskulen ikkje har kontroll på. Likevel meiner han at fusjonen mellom studiestadene i 2017 har fått konsekvensar for studiestadene som ligg utanfor Bergen.

– Det er nokre av oss som har vore usikre på om alle campusane har blitt styrka etter fusjonen. Desse tala viser at ei slik styrking ikkje har vore tilfelle, og alarmen bør no gå hjå leiinga, seier Hoel.

Han meiner leiinga må evaluera prosessen grundig, slik at alle studiestadene kjem betre ut av fusjonen.

Neste artikkel

Verdens første utslippsfrie hurtigbåter i Norge i 2024