Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Studie: Konservative norske menn oftare klimafornektarar

63 prosent av konservative norske menn trur ikkje klimaendringar er menneskeskapt, ifølgje ein ny studie.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Hovudforfatter Olve Krange bak studien ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), seier til NRK at funna frå Noreg liknar dei ein finn i ein amerikanske studie.

Studien er basert på eit statistisk representativt utval på 4.077 personar. Blant menn som stemte Frp, Høgre, KrF eller Senterpartiet ved valet i 2011, svarte 63 prosent enten at klimaendringar ikkje er ein realitet, eller at det er ein realitet, men hovudsakleg forårsaka av naturlege svingingar.

Annonse

Krange konkluderer også med at klimafornekting kan koplast til eit breiare mønster av høgrenasjonalisme og framandfrykt, men det har dei ikkje målt.

– Men eit spørsmål om haldningar til innvandrarar lar oss observere at konservative menn, som i tillegg er skeptiske til innvandring, oftare tviler på menneskeskapte klimaendringar enn alle andre, også når vi kontrollerer for fleire andre variablar, seier Krange.

Begge studia argumenterer for at klimafornekting kan bli forstått som eit forsøk på å beskytte gjeldande maktstrukturar, ifølgje kanalen.

Neste artikkel

Lysbakken splitter grasrota i Senterpartiet