Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Strand Brænderi og bondeeigde Hoff i spritkonflikt

– Vi håpar på ein klar og god dom, seier Axel Krogvig i Strand Brænderi.

Axel Krogvig er tidlegare konsernsjef i Gilde og Nortura og er no styreleiar i Strand Brænderi. Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX

Strand Brænderi i Moelv som produserer sprit, saksøker den bondeeigde potetforedlingsaktøren Hoff for å ha oppretta potetspritmonopol, melde Dagens Næringsliv fredag. Strand Brænderi vil ha 12 millionar kroner, og saka er oppe i Gjøvik tingrett denne veka.

– Saka går for tingretten i fem dagar. No er vi på tredje dagen, og vi håpar på ein klar og god dom, seier Axel Krogvig, styreleiar i privateigde Strand Brænderi.

– Korleis er stoda i saka for dykk no?

– Det har eg ikkje grunnlag for å uttale meg om, seier Krogvig, før han må haste vidare i eit møte.

Han opplyser om at begge partar er i ferd med å leggje fram sine syn på saka.

– Alvorleg og trist

– Framgangen til Hoff i denne saka er alvorleg og trist. Dei etablerer monopol og pressar Strand Brænderi ut av tradisjonsrik potetspritproduksjon etter 175 år i drift, sa Krogvig til DN fredag.

Strand Brænderi saksøker Hoff for brot på konkurransselova og urettmessig oppseiing av avtalen om levering av potetråsprit. Til avisa sa Krogvig at både Hoff og Arcus etablerer monopol på potetsprit til akevittproduksjon, og at det var nærast umogleg for Strand Brænderi å halde fram med råspritproduksjonen.

Annonse

– Vi krever ei godtgjersle på 12 millionar kroner av Hoff som kompensasjon for å ha vorte grunnlaust pressa ut av marknadnaden, sa Krogvig til Dagens Næringsliv.

Men både Arcus og Hoff avviser kritikken frå Strand Brænderi. Konserndirektør Per Bjørkum i Arcus ville ikkje kommentere saka fordi han meinte Arcus ikkje var ein del av tvisten.

– Lovleg

Men advokat Stein Ove Solberg i Arntzen de Besche som representerer Hoff understrekar til DN at oppseiinga er lovleg.

– Oppseiinga av underleverandøravtalen strir ikkje mot lova. Hoff vurderte det som effektivt og lønsamt å produsere all råspriten i eige anlegg i Gjøvik, og det er grunngjevinga for oppseiinga, sa Solberg til avisa.

Han la til at Hoff nyleg har lagt ned råspritproduksjonen i eit eige anlegg i Trøndelag, og at det i gamle dagar var spritproduksjon i store delar av landet. Dette var ikkje særleg effektivt, fortalde Solberg.

Axel Krogvig i Strand Brænderi fortalde så at brenneriet fekk eit tilbod om ny avtale med Hoff, men med 350 prosents kostnadspåslag.

– Alle skjønar at det ikkje er mogleg å skape lønnsemd med eit slikt tilbod, og ein kan difor ikkje sjå dette som eit reelt tilbod. Det inneber i praksis ei leveringsnekting og er eit brot på konkurranselova, seier Krogvig.

Dette meiner advokat Stein Ove Solberg på vegne av Hoff at ikkje stemmer.

Neste artikkel

Helproff i statens styrer