Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stovegris rømde frå lasteplanet midt i tunnel

Då stovegrisen Gaute skulle fraktast til sin nye heim, hoppa han av lasteplanet midt i ein tunnel. Tunnelen vart stengd. Kort tid etter hadde grisen funne kjærleiken.

Eilert Auestad saman med stovegrisen Gaute. Turen heim til garden baud på både eitt og to eventyr for den 80 kilo tunge minigrisen. Foto: Privat
Eilert Auestad saman med stovegrisen Gaute. Turen heim til garden baud på både eitt og to eventyr for den 80 kilo tunge minigrisen. Foto: Privat

Då stovegrisen Gaute skulle flyttast frå Vindafjord til Sele på Jæren, klarte han å komme seg av lasteplanet midt i Byfjordtunnelen på E39 i Stavanger, fortel NRK.

– Plutseleg ser eg i spegelen at grinda er open og heng laust langs sida, og stripsen er borte. Eg køyrde inn i ei lomme i tunnelen, og oppdaga at grisen var borte, seier den nye eigaren, Eilert Auestad (21), til kanalen.

Annonse
Da minigrisen Gaute fekk selskap av minigrisen Pernille på lasteplanet på veg til den nye heimen, tok det om lag fem minutt å finne tonen. Foto: Privat
Da minigrisen Gaute fekk selskap av minigrisen Pernille på lasteplanet på veg til den nye heimen, tok det om lag fem minutt å finne tonen. Foto: Privat

Tunnelen vart stengd i ein periode, medan Auestad og lastebilsjåføren som låg bak, fann grisen i tunnelen og fekk han tilbake på lasteplanet. Politiet varsla om rømminga.

På veg tilbake til garden stoppa Auestad òg for å ta med seg ho-grisen Pernille heim. Da ho var på plass på lasteplanet, tok det berre fem minutt før dei to grisane var i gang med å pare seg, fortel Auestad til NRK, som ikkje ser bort frå at det kjem fleire eventyrar-grisar til verda på garden om kort tid.

Neste artikkel

147 mister jobben ved Nortura i Steinkjer og Stavanger