Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Storgarden Balke i Løten seljast for 29,5 millionar

Den herskapelege garden Balke med i alt 13 bygningar har vore gjenstand for mang ein interiørreportasje. I mai blei eigedomen lagt ut for sal, men garden har ikkje funne sine neste eigarar enno.

Balke gard i Løten. Foto: Skjermdump frå Finn.no

Prisen er sett til 29,5 millionar kroner.

Eigedomsmeklar Knut Westrum hjå Advokatfirmaet Johnsrud & Co AS seier til Nationen at det framleis er tidleg i prosessen med å få selt garden.

– Det er bra med interessentar, og så er det framleis litt tidleg å vite kor mange av dei som er bodklare. Me har ikkje hatt visning enno, men kjem til å invitere til det om ikkje så lenge. Førebels er me litt tidleg i prosessen. Eigedomen blei lagt ut for sal rundt 20. mai, seier Westrum.

Slektsgard

Historia til Balke går fleire hundre år tilbake i tid. Den har alltid vore ein av dei største gardane i Løten. Før 1616 var den truleg adeleg eige.

– Eg elskar Balke. Dei er så heldige dei som får den, seier Marianne Mittet Solbraa (47) til Østlendingen.

Annonse

Ektemannen Nils Solbraa (47) har teke den store avgjerda om å selje den store slektsgarden. Han er fjerde generasjon av familien som eig Balke.

No er dei samde om at tida er inne for at andre får overta. Dei har begge to jobb utanom garden, og seier at dette er eit stort bruk å forvalte ved sida av.

Eigen badedam

Garden har eigen badedam, Balkesjøen, med badehus og flytebrygge. Blant dei 13 bygga på eigedomen finn ein mellom anna hovudbygningen i sveitserstil frå 1913, eit kyllingfjøs, ein stall og to stabbur.

Til garden høyrer om lag 570 dekar dyrka mark og 430 dekar produktiv skog.

Eigedomsmeklar Knut Westrum understrekar at dette er ein spesiell eigedom å finne på den opne marknaden.

– Det er ikkje ofte, nei. Det er ein fantastisk eigedom, der det er flott både å bu og drive, seier han til Nationen.

Neste artikkel

Gigantgård solgt i Sverige