Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Store framsteg for fjellrev-arten

Forskarar trur fjellreven i Noreg kan vere levedyktig om 10–15 år.

Fjellrev på Dovre. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix/ NPK
Fjellrev på Dovre. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix/ NPK

Fjellreven er rekna som kritisk trua, men sidan 2007 har kvelpar fødde i fangenskap vorte sett ut for å hjelpe arten, skriv NRK Troms og Finnmark.

Annonse

Det har gitt resultat. Fram til 2005 var det kanskje 80 individ i den norsk-svenske bestanden, medan det i dag er tett opp mot 500 vaksne fjellrevar.

– Veksten vil gå fortare og fortare. Om vi held på i 10–15 år til, kan jobben vere gjort, seier seniorforskar Nina Eide ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) til NRK.

Best resultat har det vore på Dovre, som har Noregs største fjellrevbestand etter fire år med utsetting av kvelpar.

Neste artikkel

Skal bruke matkultur til å tiltrekke nye beboere