Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stor variasjon i breibandfart

Det er stor forskjell mellom fylka i snittfarten på breiband. Sogn og Fjordane, Agder-fylka og Finnmark er treigast, medan Rogaland, Akershus og Hedmark har høgast snittfart.

Illustrasjonsfoto: Mostphotos

Det er Finnmark som har lågast snittfart på breiband i dag. Den er på berre 50,7 Mbit per sekund. Nest nedst på lista over snittfart på breiband ligg Sogn og Fjordane med 69,3 Mbit/s, skriv NRK

Hordaland hamnar òg langt nede på lista, noko som gjer at det nye storfylket Vestland vil vere eitt av fylka med lågast snittfart på breibandet. Dei nye storfylka Agder og Troms/Finnmark vil og ligge på botn av lista.

Annonse

På toppen av lista over snittfart på breiband finn ein Akershus, Hedmark og Rogaland, som alle har over 120 Mbit/s.

Mange av fylka i dag ligg ganske likt og kretsar rundt 100 Mbit/s som snittfart på privat breiband.

Breibandfarten varierer også mykje innanfor dei ulike fylka. I Hordaland har 88 prosent av hushalda 100 Mbit/s, noko som gjer at dei på denne statistikken er det tredje beste fylket i landet.

(©NPK)

Neste artikkel

Politidirektøren: Slik kan kommunene bidra til å hindre radikalisering