Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stor spreiing av pærebrann

Det har blitt påvist stor spreiing av pærebrann i Ålesund. Utbrotet er så stort at Mattilsynet har gitt opp å stoppe det i private hagar.

Pærebrann er ein bakteriesjukdom som hovudsakleg går på pære og eple. Men også mispelartar blir angripne, og den populære prydveksten i hagar og parkanlegg er dermed ofte vertsplante. Angripne buskar og tre må fjernast for å sanere smitta. Foto: Planteforsk

Den svært smittsame plantesjukdommen pærebrann har spreidd seg i Ålesund, melder Sunnmørsposten.

Pærebrann vart oppdaga i Møre og Romsdal for første gong i 2012, men har ikkje spreidd seg sidan 2014. Nils S. Melbøe, Planteinspektør frå Mattilsynet, fortel at det er verforhold og klima som gjer at sjukdommen no spreier seg. Sjukdommen spreier seg best når det er varmt og fuktig klima.

Annonse

– Det har med klimaet å gjere og at vi ikkje har fått rydda ut alt smittestoffet som har lege i dvale, seier han til Sunnmørsposten.

Sjukdommen kjem av bakterien Erwinia amylovora og smittar hovudsakleg hos mispelartane og frukttre som pære og eple. Utbrot fører til visning av blad, skot, greinar og blomsterstandar i eple og pære og andre vertsplantar i rosefamilien.

©NPK

Neste artikkel

Bønder i Rogaland: Vi vil ha et mattilsyn som fungerer