Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stillehavsøstersen kan verte nytta i matrettar

Stillehavsøstersen har lenge vore eit problem på delar av norskekysten, men no har forskarar prøvd han ut i forskjellige matrettar.

Stillehavsøstersen på norskekysten når ikkje opp til krava som vert sett til den østersen ein vanlegvis får servert på restaurant i Noreg, men no har Sigurd Øines i Nofima forska på andre måtar å servere stillehavsøstersen på.

– Gjennom forsøka vart vi betre kjend med eigenskapane til stillehavsøstersen vår, om den skal nyttast som mat. Dette er nyttig kunnskap om det skulle verte aktuelt å satse på den som råvare i matproduksjon, seier Øines i ei pressemelding.

Annonse

Østersen har mellom anna vorte nytta som smaksforsterkar, til østerskake, østerssmør og østers- og chorizogryte.

– Dette er berre nokre eksempel på kva stillehavsøstersen kan verte nytta til, seier matforskar Øines.

(©NPK)

Neste artikkel

Erna Solberg: – Raja tar feil i det han sier