Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sterke reaksjonar på ønske om fylkesreversering

Sogn og Fjordane Senterparti ønskjer oppløyse storfylket Vestland så fort som råd og går inn for folkerøysting om spørsmålet. – Håplaus timing, seier Venstre-politikar.

Fylkestingspolitikar i Vestland og ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo (V), meiner vedtaket frå Sogn og Fjordane Senterparti om ei folkerøysting for å reversere Vestland fylke er håplaus timing. Her er han på landsmøtet til Venstre i 2019. Foto: Ned Alley / NTB scanpix/ NPK
Fylkestingspolitikar i Vestland og ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo (V), meiner vedtaket frå Sogn og Fjordane Senterparti om ei folkerøysting for å reversere Vestland fylke er håplaus timing. Her er han på landsmøtet til Venstre i 2019. Foto: Ned Alley / NTB scanpix/ NPK

Det var under årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti i helga at eit samrøystes Sogn og Fjordane Senterparti gjekk inn for å oppløyse storfylket i vest. Årsmøtet ber òg om ei folkerøysting knytt til spørsmålet.

– Dette syner manglande respekt for alle dei tusen personane som no har fått ein ny arbeidsgivar og er i gang med å bygge ein ny arbeidskvardag. Eg opplever at dei no blir brukte i eit politisk spel av Senterpartiet, seier fylkestingspolitikar i Vestland og ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo (V), til Nynorsk pressekontor.

– Mindre sentralisering i Vestland

Bjørlo meiner Vestland fylkeskommune har vist ein vilje til å desentralisere oppgåver som i gamle Sogn og Fjordane var sentraliserte.

– Nye Vestland gjev meir desentralisering enn gamle Sogn og Fjordane. Senterpartiet er eit parti som berre snakkar om desentralisering. I praksis har dei vore opptekne av å sentralisere fylkeskommunale oppgåver i gamle Sogn og Fjordane på Hermansverk i Leikanger, seier Bjørlo.

– Dette er populisme. Eg ristar på hovudet av dette. Påstanden min er at om dette får gjennomslag vil det bety ei sentralisering og ikkje ei desentralisering av fylkeskommunale oppgåver, legg han til.

Han trur ikkje ei eventuell folkerøysting vil gi fleirtal for å reversere samanslåinga.

– Eg trur dei fleste har ei svært avslappa haldning til dett. Eg trur det ville blitt lågt oppmøte på ei eventuell folkerøysting, seier han.

Ønskjer ikkje omkamp

Annonse

Heller ikkje fylkestingspolitikar Trude Brosvik (KrF) ønskjer framlegget om reversering velkommen.

– Eg har ikkje sans for omkamp. Vi i KrF gjekk inn for ei regionreform fordi vi såg ein reell fare for at fylka skulle forvitre som styringsnivå. Då ville det blitt lagt eit veldig press på store kommunar, og det ville òg ha blitt ein veldig sterk og sentralisert stat. Difor meinte og meiner framleis KrF at det er viktig med større fylkeskommunar for å behalde det regionale nivået, seier ho til Nynorsk pressekontor.

Ho synest lite om at ein skal bygge opp eit nytt fylke med ein stadig tanke om oppløysing lurande i bakgrunnen.

– Det blir dumt og vanskeleg om ein no skal jobbe fire år for å gjere Vestland fylke best mogleg, mens ein heile tida har ein baktanke om at fylket skal splittast opp. Eg skjønar ikkje at det går an å jobbe slik, seier Brosvik.

Heller ikkje ho trur ei eventuell folkerøysting ville gitt fleirtal for reversering.

– Det er vanskeleg å sjå føre seg, sjølv om det er sterke krefter i Sogn og Fjordane som ikkje likte at ein slo saman dei to fylka i utgangspunktet. Det er litt som å kaste blår i auga på folk å ha ei folkerøysting no, og så veit ein ikkje heilt kva ein vil med den, avsluttar KrF-politikaren.

– Reform utan folkeleg fleirtal

– Det har ikkje vore noko stort folkeleg fleirtal for denne reforma. Eg har fått meldingar frå folk i fylkeskommunen som er godt nøgde med det vedtaket vi i Senterpartiet gjorde på årsmøtet. Det er ikkje noka nyheit dette, og det bør ikkje overraske nokon at vi meiner det vi har meint lenge, seier Aleksander Øren Heen, gruppeleiar for Senterpartiet i Vestland, til Nynorsk pressekontor.

– Alfred Bjørlo meiner Senterpartiet dreiv meir sentralisering i gamle Sogn og Fjordane enn det som no er går til i Vestland. Kva tenker du om det?

– Det er ikkje rett. Under vårt styre bygde vi opp ei stor fylkeskommunal avdeling i Førde og hadde hovudaktiviteten på Hermansverk i Leikanger. Vi meiner det var eit godt desentraliserande tiltak. Leikanger kommune hadde litt over 2000 innbyggjarar og samstundes husa dei hovudsetet til fylkeskommunen. Det er ei god desentralisert løysing, seier Øren Heen.

(©NPK)

Neste artikkel

Tilbyr bønder gratis veterinærhjelp under koronakrisen