Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Statskog støttar friluftsaktivitetar

«Statskogmillionen» er ei nasjonal stønadsordning som går til tiltak og aktivitetar som skal få folk ut i naturen.

Statskog deler ut ein million kroner til tiltak eller aktivitetar som får fleire folk ut i norsk natur. Illustrasjonsfoto: Kyrre Lien / NTB scanpix / NPK

Alle organisasjonar kan søke om stønad, og søknadsfristane er i april og august. Inntil 150 tiltak og aktivitetar i heile landet får støtte frå Statskog, på anten 5 000 eller 10 000 kroner kvar.

– Friluftsliv gir betre livskvalitet og folkehelse, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF), og oppfordrar organisasjonar til å søke Statskog om stønad.

Annonse

Statskog er eit statsføretak som skal forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar. Dei skal drive eit aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser.

©NPK

Neste artikkel

Stadig fleire vil ha ein bit av den norske utmarka