Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Statkraft: Noreg vil ha nok straum i åra framover

Statkraft meiner Noreg vil ha meir enn nok straum i åra framover med dei vindkraftverka som allereie har fått konsesjon.

Statkraft meiner Noreg vil ha meir enn nok straum til å møte elektrifiseringsbølgja framover med dei vindkraftverka som har fått konsesjon. Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix
Statkraft meiner Noreg vil ha meir enn nok straum til å møte elektrifiseringsbølgja framover med dei vindkraftverka som har fått konsesjon. Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Noreg vil få eit betydeleg kraftoverskot i åra framover med dei vindkraftverka som har fått konsesjon og som er vedtatt utbygde, seier kommunikasjonssjef i Torbjørn Steen i Statkraft til NRK.

I dag blir det produsert vindkraft ved 36 vindkraftverk langs norskekysten. Innan 2021 kjem det til å bli bygd over 30 nye vindkraftverk, noko som bidrar til at overskotet aukar.

Annonse

– Statnett vurderer at dagens kraftoverskot er på 10 terawattimar (TWh) i eit normalår, og at Noreg sannsynlegvis vil ha eit overskot på 20 TWh etter 2030. Endringane kan komme raskare enn dette, om forbruksveksten blir lågare eller ny kraftproduksjon bli bygd ut raskare, seier kommunikasjonssjef i Statnett Irene Meldal til NRK. 1 TWH svarer til straumforbruket til 62.500 hushald.

– Sjølv med ei offensiv elektrifisering vil Noreg ha eit kraftoverskot. Det er veldig fint med eit kraftoverskot viss vi kan bruke det til å elektrifisere transport og industri. Det vil kutte klimagassutslepp, seier Steen.

Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) seier til NRK at eit kraftoverskot vil ha betyding når nye vindkonsesjonar skal tildelast.

– Utviklinga i produksjon, forbruk av kraft og eit kraftoverskot påverkar vurderinga av dei samfunnsmessige fordelane, seier Freiberg.

Neste artikkel

Vannmasser truer fabrikk og vei på Senja