Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Spesiallaga el-ferje kjem ikkje inn til kai

El-ferjene som skal gå i sambandet Hjellestad-Klokkarvik er spesiallaga for sambandet, likevel viser deg seg at ferjene ikkje kan legge til kai ved eitt av mellomstoppa. Ferjene går for djupt.

Det er ved kaiområdet på Lerøy at el-ferjene får problem. Under ein prøvetur oppdaga mannskapet at ein undersjøisk bergknaus er i vegen for el-ferja, skriv NRK om saka som først vart omtalt av Fanaposten.

El-ferjene som skal gå mellom Hjellestad og Klokkarvik er spesiallaga for sambandet. Det kjem av at kaiene er små. Difor har ferjene, som er laga ved Westcon i Ølensvåg i Rogaland, fått ei skeiv form i begge endar.

Annonse

Regiondirektør i Norled, André Utåker, seier til NRK at det er deira ansvar at ferjene passar til kaiene. No vil dei sprengje vekk knausen.

– Det er ein jobb som vil koste nokre hundre tusen. Men når det først vart ei sak, er vi glade for at vi oppdaga det på denne måten, forklarer Utåker.

Neste artikkel

Mobilt slakteri skal få høna tilbake på middagsbordet