Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sp-ordførarar vil ha kommunesamanslåing

Senterpartiet er motstandarar av kommunereforma, men no er to Sp-ordførarar på Sunnmøre i samtalar om å slå saman kommunane dei styrer.

Ordførarane i Stranda og Sykkylven kommune er i samtalar om samanslåing. Her ser vi den populære turistbygda Geiranger i Stranda kommune. Foto: Knut Fjeldstad / NTB scanpix/ NPK

– Eg veit ikkje om vi går imot straumen. Vi ser at samfunnet forandrar seg, og vi må sjå om det er ting som må gjerast annleis enn ein gjorde før, seier Sykkylven-ordførar Odd Jostein Drotninghaug til NRK.

Han er no i samtalar med ordførar Jan Ove Tryggestad i nabokommunen Stranda om ei eventuell samanslåing.

Annonse

Sykkylven har i dag høgare arbeidsgivaravgift enn Stranda, og skal dei to kommunane slå seg saman må dei få den same avgifta og finne ut kva nivå som skal gjelde.

– For befolkninga i Stranda er det heilt avgjerande. Eg har fått mange meldingar frå næringslivsfolk om at dette må på plass før dei tar endeleg avgjerd, seier Tryggestad til statskanalen.

Neste artikkel

Forhandlingar om erstatning etter kommunejusteringar