Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Søyland Kristensen får orsaking frå kommunen etter jordvern-ytring

Aud Søyland Kristensen får orsaking frå kommunedirektøren etter at kommunen kalla ho inn på teppet etter ei ytring.

Aud Søyland Kristensen er biblioteksjef i Time kommune og engasjert i aksjonsgruppa Vern Kvernaland. Foto: Aud Søyland Kristensen
Aud Søyland Kristensen er biblioteksjef i Time kommune og engasjert i aksjonsgruppa Vern Kvernaland. Foto: Aud Søyland Kristensen

Aud Søyland Kristensen uttalte i lokalavisa Jærbladet om ei byggesak i kommunen, som ho òg er tilsett i. Det førte til at ho vart kalla inn på teppet, og beden om å dempe engasjementet sitt i organisasjonen Vern Kvernaland, trass i at det ikkje har noko med arbeidet hennar i kommunen å gjere.

– Vi beklagar denne reaksjonsforma og ser i ettertid at vi nok ikkje burde kome med ei slik tilråding, seier kommunedirektør Trygve Apeland, i ei pressemelding.

Organisasjonen jobbar mot datalagringssenteret som er planlagd i kommunen, og vil bygge ned om lag 1800 dekar jord midt i eit landbruksområde for å bygge industribygg.

Har fått orsakinga

– Eg har mottatt orsakinga og den tok eg i mot, seier Søyland Kristensen til Nationen.

Apeland meiner det er positivt at medarbeidarar i kommunen engasjerer seg i aktuelle samfunnsspørsmål.

– Det er heilt uproblematisk om dei er usamde med kommunen si leiing, seier han i pressemeldinga.

Annonse

Saka har gått til Sivilombodsmannen, og Time kommune seier dei vil rette seg etter det som blir konklusjonen i saka. Likevel meiner dei det er viktig å gjere det klart at tilsette i kommunen ikkje har forbod mot å ytre seg i politiske saker i offentleg rom, så lenge dei ikkje er involvert i sjølve saksbehandlinga.

Søyland Kristensen vil no la saka ligge fram til det har roa seg, og ting har falle på plass igjen.

Ytringsfridom viktigare enn lojalitetsplikt

Jurist Anine Kierulf seier at offentlege tilsette har den same ytringsfridomen som alle andre, og uttalar seg om dette tilfellet på generelt grunnlag.

– Det inneber også retten til å kritisere kommunen på område der dei meiner kommunen har opptredd kritikkverdig, seier ho til Nationen.

Ho seier at det òg kan vere vanskeleg å vere kritisk til eigen arbeidsplass, og at ein ofte kan vere redd for reaksjonane ved å kritisere.

– Det er nesten alltid ubehageleg å stå for noko i offentlegheita. Det e fremme kritikk mot nokon er det same som å seie at nokon ikkje er bra nok. Viss ein går i forsvar og den som blir kritisert reagerer med å kalle inn på teppet, er det dårleg gjort. Då vil det bli vanskeleg å ytre seg om det som er kritikkverdig, seier ho.

Neste artikkel

Mangel på arbeidskraft kan krympe skogen med 30 millionar tre