Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sørvest politidistrikt kan miste 85 stillingar

Sørvest politidistrikt styrer mot ein budsjettsprekk på nesten 90 millionar kroner. Det kan føre til at minst 85 stillingar må bort.

Sørvest politidistrikt kan måtte kutte minst 85 politistillingar på grunn av budsjettsprekk på nesten 90 millionar. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPKMindre pengar til Politidirektoratet og meir til distrika skal gi fleire politifolk i gatene. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Lokallagsleiar i Politiets Fellesforbund Sørvest, Per Anders Røsjorde, seier til Stavanger Aftenblad at innsparingane som må til, kan føre til kraftige kutt i talet på stillingar.

Annonse

– Vi må spare 87 millionar kroner i 2019. Denne situasjonen har vi komme i fordi politimeisteren har vore for lojal overfor Politidirektoratet (POD) og prosjekta deira. Vi har tilsett utan at vi har hatt pengar til det, seier Røsjorde til avisa.

Førre veke sende politimeister Hans Vik ein e-post til alle tilsette i politidistriktet og understreka at han tar på seg det heile og fulle ansvaret for den økonomiske situasjonen dei står i, skriv avisa.

Korleis det vil slå ut om minst 85 stillingar forsvinn, meiner Røsjorde avheng av prioriteringane til politimeisteren framover. Han tviler på at beredskapen til politiet vil bli skadelidande, sidan det «allereie er kutta til beinet».

Neste artikkel

Neste uke er det meldt over 30 grader i sør – i nord snur godværet