Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Solund får ikkje lov å busetje fleire flyktningar

Solund kommune i Sogn og Fjordane vil gjerne ta i mot fleire flyktningar, men regjeringa seier nei.

Utvær i Solund kommune i Sogn. Foto: Kari Hamre / NPK

Ordførar i Solund seier til NRK at dei har lukkast godt med alle flyktningar i kommunen. Dei har tatt i mot 30 flyktningar, og alle er komne i jobb eller utdanning. No vil kommunen gjerne ta i mot fleire, men regjeringa seier nei.

- Det er uforståeleg at vi ikkje får ta i mot fleire flyktningar, seier ordførar Gunn Mongstad (Sp) til NRK.

Annonse

Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) svarer at det i utgangen av mars var 641 personar i asylmottak. Behovet for å busetje flyktningar er derfor no mykje lågare enn det har vore tidlegare år, derfor kan det vere at kommunar som tidlegare har buset flyktningar ikkje får busetje no. Seksjonsleiar i IMDI Kristian Melling påpeikar til NRK at det verkar som Solund har gjort eit godt arbeid.

I fjor tok Noreg i mot 5000 flyktningar, og regjeringa reknar med å ta i mot like mange i år. Det er IMDI i samarbeid med kommuneorganisasjonen KS som fastset kor mange flyktningar kvar kommune skal busetje.

Neste artikkel

Engrosprisen på lammekjøt opp 1,5 kroner