Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Solør-bonde tapa i retten – må avvikle dyrehald

Bonden saksøkte Mattilsynet, men vann ikkje fram. Han manglar empati for dyra, meiner tingretten.

Solørbonde saksøkte Mattislynet etter at dei kravde at han skulle slutte med storfe. Bonden tapte saken. Foto: Jarl Fr. Erichsen/Scanpix

Bonden saksøkte Mattilsynet fordi dei, på det han mente var feilaktig grunnlag, skal ha kravt at han sluttar med storfe, skriv Østlendingen.

Vedtaket blei fatta i mars etter fleire brot på dyrevelferdslova. Ifølgje bonden skal det ha lege føre feil i sakshandsaminga som påverka vedtaket.

I førre veke møttest dei i retten.

Der kom det fram at den aktuelle bonden har også tidlegare måtta avvikle svinehald. Då kom det fram i rapportane at grisane åt avlidne dyr.

Kaotiske tilstandar

Bonden skal ha erkjent at det har vore kaotiske tilstandar på garden. Han meinte derimot at det ikkje var så mange og så alvorlege brot som Mattilsynet hevda, og syntest difor at avvikling ville vera for drastisk.

Bonden skal også ha sagt at han synest det er frustrerande at han heile tida må peike på feil hjå Mattilsynet utan at han får tilbakemeldingar på dei. Mellom anna skal han ha vist til betringar på garden.

Annonse

Desse tok visstnok ikkje Mattilsynet omsyn til. Han meinte også at dei har lagt for lite vekt på at dyra faktisk fekk mat.

Mattilsynet meiner på si side at avviklingsvedtaket er gjort på rett grunnlag. Dette fekk dei medhald i frå tingretten, som sa at dei ikkje kunne finne faktafeil i saka.

Tvert om meiner dei at grunnlaget deira er underbygt av god dokumentasjon i form av bilde, rapportar, videoar og vitneforklaringar. Det har blitt funne alvorlege brot på dyrevelferdslova over lenger tid på garden, og det finst fleire grundige rapportar frå fleire ulike inspektørar.

Manglande kompetanse

Mattilsynet meiner at bonden har manglande evne, vilje og kompetanse til å følgje opp regelverket, og at historikken hans underbygger dette.

Retten meiner at det ser ut til å vera gjennomgåande at bonden har utfordringar med å sjølv sjå og følgje opp individ som har behov for særleg tilsyn og stell, og at manglande merking av dei 350 dyra gjer oversikt vanskeleg.

Dei meiner også at han manglar empati med dyra og den naudsynlege profesjonelle haldninga til dyrehelse og dyrevelferd.

– Me kjem til å føre tilsyn på garden, men har ikkje bestemt oss for kva me gjer. Det er bondens ansvar å avvikle dyrehaldet no, og me kjem til å undersøke kva han gjer. Det kan ikkje gå lang tid med dyr på den garden no, seier avdelingssjef Ingrid Bjerke Matsson hjå Mattilsynet.

Neste artikkel

Frank Nervik: «Bønder er jo ikke sadister»