Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Solenergi kan erstatte vegsalting

Statens vegvesen har lenge sett på alternativ til salting av glatte vegar. No kan vassboren varme frå solenergi verte eit reelt alternativ.

Statens vegvesen vurderar å prøve ei alternativ løysing til salting av veg. Løysinga inneber å samle solenergi om sommaren og nytte han i oppvarming av vegen om vinteren. Foto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK

Kjersti Dunham som er avdelingsdirektør med ansvar for ferjefri E39 vurderar no å prøve løysinga med vassboren varme i vegen på spesielt utsette korte strekningar, skriv Teknisk Ukeblad.

Annonse

Systemet består av vassrøyr enten støypt i betong eller lagt inn i asfaltdekket. Solenergien samlar varme om sommaren og vert lagra i grunnen, og kan brukast om vinteren for å sikre isfrie vegar.

Løysinga er eit resultat av eit forskingssamarbeid mellom Statens vegvesen, svenske Trafikverket og Chalmers Tekniska Högskola i Göteborg.

Neste artikkel

Sterk økning i sykdomstilfeller etter smitte av flåttvirus