Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sognemålet erstattar yorkshiredialekt i Stormfulle høgder

Når forfattar Emily Brontës klassikar Stormfulle høgder no kjem ut på nynorsk for første gong, er det sognemålet som erstattar yorkshiredialekten.

Øystein Vidnes (bildet) og Ragnar Hovland har omsett klassikaren Stormfulle høgder til nynorsk. For å erstatte yorkshiredialekten har dei brukt sognedialekten. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix / NPK
Øystein Vidnes (bildet) og Ragnar Hovland har omsett klassikaren Stormfulle høgder til nynorsk. For å erstatte yorkshiredialekten har dei brukt sognedialekten. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix / NPK

– Boka er full med stygg tale, dette er ikkje ei finsleg bok for borgarskapet, og ho var sjokkerande i samtida, seier Øystein Vidnes til Sogn avis.

Boka han snakkar om, er Stormfulle høgder, skriven av Emily Brontë og gitt ut første gong i 1847. Handlinga er ei mørk og dyster kjærleikshistorie frå den nordengelske landsbygda, og da ho kom ut braut boka med dei moralske normene i samtida. Ho fekk difor mykje negativ kritikk den gongen.

At forfattar Emily Brontë under pseudonymet «Ellis Bell» brukte innslag av yorkshiredialekt for å setje preg på karakterane i boka, var òg uvanleg.

Annonse

No har Øystein Vidnes og Ragnar Hovland omsett klassikaren til nynorsk. For å finne noko på norsk som kunne representere yorkshiredialekten i den engelske originalutgåva, bestemte omsetjarane seg for å bruke sognedialekten. Det er forskjellige grader av dialektbruk i boka, og Vidnes og Hovland var ute etter noko som kunne få fram nyansane.

– Me var ute etter det karakteristiske, framandgjerande og samstundes kjende, seier Vidnes til Sogn avis.

Det var òg avgjerande at det var ein dialekt begge omsetjarane meistra.

Stormfulle høgder vart etter kvart rekna blant dei ypparste frå 1800-talslitteraturen, og er no ein av dei mest lesne engelske klassikarane. Det er forlaget Skald som gir ut boka, i serien Skalds klassikarar, som er ein serie med klassikarar gitt ut i ny utgåve på nynorsk.

Neste artikkel

Knapt fleirtal for nynorsk i Ålesund