Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Slit du med å forstå kva reproduksjonstalet betyr?

Kathrine forklarar vanskelege ting – med hekling. – Eg må kombinere element eg allereie kan.

Kathrine Frey Frøslie formidlar statistikk via hekling og strikk. Her med korleis R-talet fungerer. Skjermdump: Kathrine Frey Frøslie
Kathrine Frey Frøslie formidlar statistikk via hekling og strikk. Her med korleis R-talet fungerer. Skjermdump: Kathrine Frey Frøslie

– Eg møter på mykje interessant i jobben min, og det er mykje som blir tatt for gitt i desse miljøa, som også folk utanfor miljøa burde kjenne til, seier ho om korleis ideen om Statistrikk vart til.

Kathrine Frey Frøslie er i dag førsteamanuensis i NMBU, der ho mellom anna driv med undervisning. Valet om å starte ein strikke-, hekle- og statistikk-blogg kjem frå eit ønske om å opplyse folk om ting som er viktige.

– Å nå ut med viktig informasjon og fakta på ein annleis og morosam måte synest eg er gøy, og det er også ei fin utfordring for nokon som jobbar med forsking. I tillegg får eg utløp for annan type kreativitet, seier ho.

– Hadde eg vore flink til å danse, hadde eg kanskje kunne laga ein danseblogg for å formidle i staden for, men eg må kombinere element eg allereie kan, seier ho.

– Ein absurditet

Onsdag kom Folkehelseinstituttet sin siste vekerapport, der dei melde om 3.621 smitta i veke 47. I veke 46 var det oppe i 4.080 smitta. No er R-talet nede i 1, der det tidlegare har vore oppe i 1,4. Frøslie har hekla korleis R-talet fungerer, og kva det eigentleg betyr:

Ho hekla dei første smittetala for over to år sidan, men då var dei aktuelle av ein heilt annan grunn enn korona.

– Då var det i samband med vaksinedekning. Det var mitt bidrag til diskusjonen om vaksinemotstand, som eg synest er ein absurditet, seier ho.

– Det blir ein morosam kontrast

– Mange tenker at strikk og statistikk ligg ganske langt frå kvarandre, og då blir det ein kontrast som kanskje er litt uvanleg. Nokon synest det er litt morosamt, og med ein gong nokon synest noko er artig, får dei det med seg, seier ho.

Annonse

Ho har også nytta strikking og andre måtar å formidle på i undervisninga. Mellom anna ei appelsin for å illustrere korleis ein skal behandle informasjon og jobbe med statistikk.

– Du må vite kva informasjon du har. Då blir tida det tek å skrelle ein appelsin ein type informasjon, og dei ulike appelsinbåtane andre typar informasjon.

– Det er det Statistrikk handlar om, å gjere noko superabstrakt som statistikk om til noko handfast. For eksempel når eg strikkar ein poncho for å illustrere vaksinering. Som statistikar jobbar ein med å omsetje verkelegheita til tal, regne på dei tala og omsetje tala tilbake til verkelegheita igjen, seier ho.

Skeiv kjønnsbalanse

Ho hadde vanlege folk i tankane då ho starta bloggen, men vedkjenner at kjønnsbalansen innanfor strikke- og heklemiljøet er noko ujamn.

– Det er ei stor overvekt av damer som strikkar i sosiale medium, men eg tenker som så at det kanskje er litt fint å appellere til nokon som ikkje nødvendigvis har statistikk og matematikk som sitt kjerneinteressefelt.

Koronaponcho: Den raude delen utgjer 50 prosent og viser kor mange som må bli vaksinert viss R-talet er 2. Den rosa delen er usikkerheit i berekningane. Den kvite delen er dei vi beskyttar med å vaksinere oss. Til saman utgjer den raude og rosa delen 67 prosent, som er vaksinedekninga som er nødvendig viss R-talet er 3. Foto: Kathrine Frey Frøslie
Koronaponcho: Den raude delen utgjer 50 prosent og viser kor mange som må bli vaksinert viss R-talet er 2. Den rosa delen er usikkerheit i berekningane. Den kvite delen er dei vi beskyttar med å vaksinere oss. Til saman utgjer den raude og rosa delen 67 prosent, som er vaksinedekninga som er nødvendig viss R-talet er 3. Foto: Kathrine Frey Frøslie

Ho har drive bloggen sidan 2016. Initiativet var først og fremst privat, men seinare har ho fått velsigning frå arbeidsgivaren om å skrive nokre innlegg for NMBU òg.

– Det er veldig hyggeleg å få den oppdekkinga frå NMBU, interessa for bloggen er stor, og folk synest det er gøy. Eg håper å få fleire samarbeidsprosjekt, men eg må få frigjort litt tid først, seier ho.

Ho har også tidlegare vore tilsett ved Nasjonalt kompetansesenter for kvinnehelse, og har strikka både luer og vottar for å forklare fenomen rundt kvinnehelse.

– Då kan dei strikke, la seg inspirere, og ta med seg små bitar av informasjon òg.

Til slutt har ho ei oppmoding til alle både generelt og i tida framover.

Vask hendene.

Neste artikkel

Storbritannia gir slaktere ekstravisum for å redde julematen