Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Slik unngår du å bli dårleg av å ete skjel

Algegifter, omgangssjuke og tarmbakteriar er dei tre faktorane som kan gi ei heller dårleg oppleving etter at du har kosa deg med blåskjel eller andre skjel.

Algegifter, omgangssjuke og tarmbakteriar er dei tre faktorane som kan gi ei heller dårleg oppleving når du har ete skjel. Foto: Kari Hamre / NPK
Algegifter, omgangssjuke og tarmbakteriar er dei tre faktorane som kan gi ei heller dårleg oppleving når du har ete skjel. Foto: Kari Hamre / NPK

– Kjøpte skjel er grundig kontrollerte og gir veldig låg risiko, men når du sankar sjølv, bør du ta visse forholdsreglar, seier havforskar Arne Duinker i Havforskingsinstituttet.

Annonse

Det er algegifter, omgangssjuke og tarmbakteriar som kan gi sjukdom når du et skjel. Nokre algar produserer giftstoff som kan gi diaré, lamming eller svekke minnet. Skjel et algar og kan difor samle opp algegifter. Desse forsvinn ikkje om ein kokar skjela. For å få ein peikepinn på om skjela er trygge, kan ein følge med på blåskjelvarselet til Mattilsynet. Det er størst risiko for algegifter om sommaren fordi det er da algane blomstrar mest. Men algane kan òg ligge lagra i skjel om vinteren.

Virus som gir omgangssjuke kjem frå kloakk og avløpsvatn og er hyppigast om vinteren, fordi det lever lenger når vatnet er kaldt. Her skal det små mengder til for å bli sjuk, men viruset forsvinn med varmebehandling.

Tarmbakteriar som E. coli og salmonella kjem òg til sjøen gjennom kloakken. Desse døyr òg av varmebehandling. Nokre målestasjonar for blåskjelvarsel gir og status for tarmbakteriar, skriv Havforskingsinstituttet.

Neste artikkel

Aksjonsgruppe kjemper for å bevare matjord i Rogaland