Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
FAMILIEFAR: Eivind Berg har ingen økonomiutdannelse, men setter seg grundig inn i ting som angår familiens økonomi. Han sparer på lang sikt i aksjefond og på kort sikt til ulønnet pappaperm. Foto: Terje Bendiksby
FAMILIEFAR: Eivind Berg har ingen økonomiutdannelse, men setter seg grundig inn i ting som angår familiens økonomi. Han sparer på lang sikt i aksjefond og på kort sikt til ulønnet pappaperm. Foto: Terje Bendiksby

Slik når du sparemåla dine

Dei har gjort sparing til hobby og sparer fleire hundre tusen i året. Her er deira beste sparetips.

Samtidig som nordmenn har stadig høgare gjeld, har det dukka opp ei rekke privatpersonar som brukar bloggar og sosiale medium til å inspirere andre til eit meir nøkternt og sparsamt liv. Vi har spurt tre av dei mest profilerte om dei beste sparetipsa. Felles for dei er at dei rår deg til å la pengane til sparing blir trekte automatisk frå kontoen kvar månad – få har viljestyrke nok til at lønna ikkje forsvinn i forbruk.

Kjersti Grønseth

Driv bloggen forbrukerfrue.no og podkasten Forbrukerpodden.

– Du må betale deg sjølv først. Å spare ved å kutte litt her og litt der vil sjeldan fungere, pengane til sparing bør trekkast direkte frå lønnskontoen kvar månad, seier Grønseth, som sjølv set av rundt 20 prosent av inntektene kvar månad til sparing.

Før du kan trekke pengar til sparing direkte frå lønna, bør du få oversikt over økonomien din.

– For å vite kva fordeling mellom sparing og forbruk du skal legge deg på, må du vite kva du bruker pengar på. Vil du spare meir, må du gå gjennom forbruket ditt og sjå kvar du kan kutte, seier ho.

FORBRUKERFRUE: Kjersti Grønseth er "finansminister" for en familie på fem, og er blant annet opptatt av å holde matutgiftene nede.  FOTO: Privat /
FORBRUKERFRUE: Kjersti Grønseth er "finansminister" for en familie på fem, og er blant annet opptatt av å holde matutgiftene nede. FOTO: Privat /

For å få kontroll på forbruket, deler ho og mannen inntektene på heile 14 ulike kontoar: Ein konto til mat, ein til rekningar, ein til feiring og gåver, ein eigen bufferkonto osb.

– Dei ulike kontoane blir i praksis budsjettet vårt, fortel ho.

Neste steg er å ta grep for å halde seg innanfor budsjettet.

– For å ta oss sjølv som døme: Vi har sett av 5000 til mat i månaden. For å få til det må vi mellom anna planleggje innkjøpa godt og handle hos lågpriskjedene, fortel trebarnsmora.

I fjor sparte ho og mannen meir enn nokon gong.

– Utgangspunktet vårt var den jamne sparinga, der vi set av rundt 20 prosent av lønna kvar månad. På toppen av det sette vi inn ein ekstra innsats med det vi har kalla «geriljasparing»: Vi sparte alle ekstra inntekter, både det vi fekk igjen på skatten, det vi jobba ekstra og det vi fekk ekstra utbetalt av lønn i desember. I tillegg selde vi begge bilane våre for å prøve oss ein periode utan å eige eigen bil, fortel ho.

GERILJASPARING: Kjersti Grønseth og mannen Paul sparer vanligvis rundt 200.000 i året. I fjor satte de inn et ekstra sparegir og fikk satt av langt mer.  Foto: Privat
GERILJASPARING: Kjersti Grønseth og mannen Paul sparer vanligvis rundt 200.000 i året. I fjor satte de inn et ekstra sparegir og fikk satt av langt mer. Foto: Privat

Takka vere geriljasparinga fekk familien i fjor både betalt ned begge billåna, fylt opp bufferkontoen og spart pengar i aksjefond.

Eivind Berg

Bloggar om privatøkonomi på nettsida Eivindberg.no/blogg

– Det første eg gjer er at eg automatiserer økonomien min. På lønningsdagen blir dei pengane eg veit skal til rekningskonto trekt, fellesutgifter (mat og liknande), til investeringar i aksjefond og til bustadlån. Eg betaler meg sjølv først før alt av forbruk. Då har eg mindre å rutte med og tilpassar meg til eit lågare forbruk, forklarer han.

UTGIFTSKUTT: Eivind Berg anbefaler å kutte i de store utgiftene som boliglånsrente, forsikringer, strøm, mat og transport.  Foto: Terje Bendiksby
UTGIFTSKUTT: Eivind Berg anbefaler å kutte i de store utgiftene som boliglånsrente, forsikringer, strøm, mat og transport. Foto: Terje Bendiksby

Vil du kutte i kostnader, meiner han det er mest å hente på dei store utgiftene.

Annonse

– Ta ein seriøs gjennomgang av kva du betaler i bustadlånsrente, forsikringar, straum, mat og transport. Det er mykje å hente på å forhandle lågare bustadlånsrente. Synest du det er vanskeleg å ringe banken, finst det no bankar som etter gjeldsgrad kan gi deg veldig god rente på minutt gjennom ein app, seier han, og nemner nykommaren Bulder Bank.

– Eit kanskje kontroversielt sparetips er «buy it for life». Eg meiner oppriktig at eg sparer pengar ved å gå for kvalitet der eg meiner det er verd det, for å så kjøpe det billegaste der det er formålstenleg. Eg har kjelar og kjøkkenknivar eg kjem til å ha resten av livet, medan mesteparten av møblane i huset er brukt og kjøpt for nesten ingenting sidan interiør er mindre viktig for meg, forklarer han.

Sjølv har han både kortsiktige og langsiktige sparemål.

– Kortsiktig sparemål akkurat no er at eg skal bli trebarnsfar i februar. Det er eit veldig ugunstig tidspunkt med tanke på barnehageoppstart neste år. Derfor kjem eg til å spare opp slik at eg får «vanleg lønn» dei månadene eg skal ha ulønt permisjon i 2021. På lang sikt sparer eg til pensjon og eigenkapital til bustad til barna i aksjefond. ⁠

Lise Vermelid Kristoffersen

Har bloggen pengesnakk.no, podkasten Pengesnakk og har nyleg gitt ut bok om sparing.

– Alle burde setje opp autotrekk og spare med ein gong pengane kjem inn. Mange har ein strategi der dei satsar på å spare det som er til overs på kontoen kvar månad. Då blir det fort gløymt, eller kontoen er tom innan månaden er omme, seier Kristoffersen.

I fjor sparte ho 306.000 – litt mindre enn målet på 350.000.

SUPERSPARER: Lise Vermelid Kristoffersen sparte litt over 300.000 i fjor, takket være et svært lavt forbruk. Foto: Berit Roald
SUPERSPARER: Lise Vermelid Kristoffersen sparte litt over 300.000 i fjor, takket være et svært lavt forbruk. Foto: Berit Roald

– Fjoråret vart ikkje heilt som planlagt, fordi eg sa opp jobben for å starte for meg sjølv og i tillegg kjøpte einebustad, forklarer ho.

Kristoffersen har tidlegare fått mykje merksemd i media fordi ho hadde ein spareplan som tilsa at ho kunne pensjonere seg som 40-åring. No er jobben sagt opp mange år før det målet var nådd, og ho har allereie fått meir av det ho ønsker seg: Nemleg fridom til å kunne styre tida som ho vil.

Kristoffersen tilrår dei som ønsker å komme i gang med sparing i 2020, å setje seg eit mål.

– Du kan til dømes ha som mål å spare ein viss sum innan jul. Då må du finne ut kor mykje du må setje av kvar månad, og korleis du kan få det til, seier ho.

Ho oppmodar folk til å ikkje avfeie sparinga sjølv om dei ikkje har høge beløp å spare.

– Ikkje undervurder kor mykje småpengar blir i lengda. Sparer du 500 i månaden, kan du gonge beløpet med tolv når året er omme. Nokon synest mikrosparing er nyttig, altså at banken trekker til dømes 5–10 kroner kvar gong du bruker kortet, seier ho.

SALG: Å handle på salg lønner seg, men kun dersom du kjøper ting du uansett ville kjøpt til fullpris. Foto: Torstein Bøe / NTB Scanpix
SALG: Å handle på salg lønner seg, men kun dersom du kjøper ting du uansett ville kjøpt til fullpris. Foto: Torstein Bøe / NTB Scanpix

Baksida ved å setje av meir pengar til sparing, er sjølvsagt at du må redusere forbruket. Kristoffersen tilrår å føre forbruksliste for å bli meir medvite kva ein bruker pengar på.

– Skriv ned absolutt alt du har av utgifter på ein månad. Neste steg er å vurdere om dette faktisk er noko du ønsker å bruke pengar på og kutte unødvendige utgifter, seier Kristoffersen.

Ho meiner daglegvarer er eit typisk område der mange kan spare mykje ved å planleggje betre og bli meir klar over kva vara kostar.

– Eit anna sparetips er å kjøpe brukt. Ikkje berre fordi det er billegare og betre for miljøet, men òg fordi det er litt meir tungvint. Det gjer deg meir medvite på kva du kjøper og om du faktisk treng det, seier ho.

Spareinspiratorene

Her er eit lite utval av dei mange privatpersonane som deler eigne erfaringar og tips om økonomi på nett og sosiale medium:

Spareglede.no: Her skriv Anne Berit Grostad om sin veg mot eit meir sparsamt og berekraftig liv. Ho gir òg økonomitips gjennom podkasten og Instagram-kontoen Spareglede.

Lev-mer.com: Jenny Lund er ein økonomiutdanna trebarnsmor som ønsker å formidle privatøkonomi på ein enkel måte, og inspirere andre til å gjere nødvendige endringar.

Finansnerden.no: Anonym 30-åring som skriv om ferda si mot å spare nok til å bli økonomisk uavhengig innan april 2026.

Hvordan_bli_rik: Marie Olaussen bestemte seg for å få kontroll på familieøkonomien, og mange følgjer prosessen hennar på Instagram-kontoen med det forlokkande namnet hvordan_bli_rik.

Forbrukerfrue.no: Siviløkonom Kjersti Grønseth vil vise deg korleis du får oversikt over familieøkonomien og tar fornuftige val.

Eivindberg.no/blogg: Skriv lange og grundige innlegg om sparing og investering på ein måte som skal vere forståeleg for folk flest.

Pengesnakk.no: Lise Vermelid Kristoffersen har vorte kjent som superspararen som klarer å leve på langt mindre enn ei normal lønning. Ho tipsar både på nettsida, Instagram og podkast under namnet Pengesnakk.

Neste artikkel

Ap og Sp varsler ekstramidler til bønder med båsfjøs allerede i høst