Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skummelt vintervêr for insekta

Det milde februarvêret mange stader kan vekkje insekta for tidleg frå vinterdvalen, slik at dei døyr av svolt eller kulde.

Humler i dvale lèt seg lett lure for tidleg opp av vinterdvalen i mildvêret. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK
Humler i dvale lèt seg lett lure for tidleg opp av vinterdvalen i mildvêret. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Fleire typar insekt som humle, dagsommarfuglar og fluger kan vakne tidleg, men insektforskar Frode Ødegaard ved NTNU Vitskapsmuseet i Trondheim er mest uroleg for humlene.

Annonse

– Viss dei vaknar no, kan det bli trøbbel, ettersom det ikkje finst blomstrar ute, og samtidig som dei er heilt avmagra etter vinteren. Da kan dei rett og slett svelte i hel eller fryse i hel i den neste kuldeperioden, seier Ødegaard til NRK.

Ødegaard er ikkje så uroleg for kortare mildvêrsperiodar på vinteren, for slike naturlege svingingar taklar naturen og insekta bra over tid. Han er meir bekymra for at lange mildvêrsperiodar på vinteren skal bli det vanlege.

– Får vi veldig mange slike episodar fleire år på rad, da kan det vere skummelt, seier forskaren.

Neste artikkel

– Importerer kanskje mer enn bare trær