Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skreddarsyr løysingar for å berge veterinærvakta

Oppdrettsgiganten Cermaq Norway AS har forplikta seg til å kjøpe veterinærtenester av ein lokal veterinær, og dermed kan veterinærvakta i Nord-Salten vere berga.

Ordførar Aase Refsnes i Steigen, Marit Holmvaag, leiar for fiskehelse og settefisk i Cermaq og veterinær Elisabeth Faureng i Cermaq kan gle seg over ei avtale som forhåpetleg vil gjere det lettare å få ny veterinær til regionen. Foto: Privat
Ordførar Aase Refsnes i Steigen, Marit Holmvaag, leiar for fiskehelse og settefisk i Cermaq og veterinær Elisabeth Faureng i Cermaq kan gle seg over ei avtale som forhåpetleg vil gjere det lettare å få ny veterinær til regionen. Foto: Privat

Kommunane Steigen og Hamarøy som ligg nord for Bodø i Nordland, har lenge hatt akutt mangel på veterinærtenester. I sommar toppa det seg då dei ikkje lenger hadde veterinær å sette inn i den vakttenesta kommunane er pålagt å ha.

No har havbruksgiganten Cermaq Norway AS og Steigen kommune gjort ein avtale om kjøp av veterinærtenester, går det fram av ei felles pressemelding frå Cermaq Norway AS og Steigen kommune.

Med garanterte arbeidsoppgåver og inntekter frå havbruksnæringa, er håpet at det vil trekkje ny veterinær til området.

Skal konsentrerer seg om akva

Veterinæren skal vere privat næringsdrivande og gå inn som ein del av den tredelte veterinærvaktordninga i området. Ut over det er opplegget at den nye veterinæren skal rette seg inn mot akvakulturen, og dermed ikkje bli ein konkurrent om dei andre arbeidsoppdraga i området.

– Eg er først og fremst glad for at vi forhåpentlegvis har funne ein veg ut av veterinærkrisa, skriv ordførar i Steigen, Aase Refsnes i pressemeldinga.

Ho beskriv det siste halve året med ein veterinær i manko som uhaldbart både for dyr, bønder, veterinærar og kommune.

Refsnes beskriv løysinga som eit unikt samarbeid som får følgjer for både landbruk og havbruk, to store næringar i Steigen og Hamarøy.

Annonse

Også Marit Holmvaag Hansen, som er leiar for fiskehelse og settefisk i Cermaq, er nøgd med avtalen, og beskriv det som ei vinn-vinn-løysing for dei.

– Cermaq er den største kjøparen av eksterne veterinærtenester i kommunen, og ein avtale mellom oss og Steigen kommune kan bidra til å sikre at vi får ei robust veterinærvakt i kommunen, seier ho.

Vil hente veterinær frå kommuen og ikkje utanfrå

Veterinær i Cermaq og regionansvarleg for fiskehelse i Nordland, Elisabeth Faureng, seier i pressemeldinga at ho ser fram til samarbeidet med den nye veterinæren.

– Fiskehelse er svært viktig i drifta vår, og i periodar har vi stort behov for fiskehelse- og veterinærtenester. Noko av dette behovet har vi til no dekka gjennom å leige veterinærtenester utanfor kommunen. Samarbeidsavtalen med kommunen vil bidra til at vi kan få dekka inn behovet via kommunen, samstundes som at landbruksnæringa kan få dekka sitt behov for ei veterinærvakt.

Ordføraren seier at veterinærknipa Steigen har vore i ikkje er unik.

– Nedgangen i talet på gardsbruk over heile landet, kombinert med kravet om ei vaktbelastning som er til å leve med, utfordrar inntektene til veterinærane. Då er vi avhengig av å finne kreative løysingar for å sikre veterinærane både nok arbeid og inntekt stor nok til å betale rekningane.

Neste artikkel

Ekspert: Fordel å være tidlig ute med vindkraft til havs