Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skogvernmål kan dra ut

Stortinget har tidlegare vedteke at 10 prosent av skogen her i landet skal vernast, men det kan ta mange år før ein er i mål.

For tre år sidan vedtok Stortinget at ti prosent av skogarealet i Noreg skal vernast, men det kan ta lang tid før målet er nådd. Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

Det fortel Kommunal Rapport.

Ifylgje avisa er det ikkje sett nokon tidsfrist for når verninga av skogområde skal vera sluttført, men statssekretær i Klima- og miljødepartementet Atle Hamar skriv i ein e-post til avisa at det vil ta rundt 35 år med det løyvingsnivået ein har i dag.

Han peikar likevel på at tempoet i skogvernet har auka mykje dei siste åra.

Annonse

Like før jul vedtok regjeringa å verna 40 skogområde i åtte fylke. Dei verna områda er ein del av frivillig vern av privateigd skog og ein del av den langsiktige planen om å verna ti prosent av skogområda her i landet.

Målet med skogvern er å ta vare på naturmangfaldet og hindra at trua artar blir borte.

– Hundrevis av insektartar, soppartar og enkelte fuglar er avhengige av død ved og gammal skog. Det er difor viktig at vi bidreg til å betra situasjonen for trua artar og naturtypar, sa klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) i samband med fredinga av dei 40 nye skogområda før jul.

Neste artikkel

Regjeringen verner 29 skogområder