Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skogeigarforbundet frydar seg over klimamelding

– Dei viser eit betydeleg fokus på skog i klimakampen, seier Per Skorge.

Per Skorge er administrerande direktør i Norges Skogeierforbund. Foto: Gina Aakre
Per Skorge er administrerande direktør i Norges Skogeierforbund. Foto: Gina Aakre

Per Skorge er administrerande direktør i Norges Skogeierforbund, og meiner klimaplanen som vart lagt fram fredag viser at regjeringa tek skogen seriøst.

– Det er eit betydeleg fokus på skog i klimakampen og berekraftig forvalting av skogen. Det er viktig for klima, og frå næringa si side er det positivt at dei løftar fram moglegheitene som ligg i skogen.

Noko av det klimaplanen trekk fram, er å erstatte skog som går tapt til veg og industribygg.

Bygger ned 50.000 dekar kvart år

Forbundet jobbar mellom anna mot nedbygginga av skog, og ifølge Skorge går 50.000 dekar skog tapt til fordel for veg og bygg kvart år.

– Det er bra dei løftar fram nedbygginga. Der meiner eg Kommune-Noreg har ei heilt anna bevisstheit for å avgrense skogstapet. Det kjem aldri til å bli redusert til null, vegar skal bli bygde, men ein må minimum sette seg eit mål om å erstatte skogarealet med eit nytt areal, seier han.

Andre konkrete tiltak er å styrke opptaket i skogen, med såkalla "optimal plantetettleik", og sørge for at det blir planta tilstrekkeleg skog og foredle plantematerialet. Dette gjer at skogplantene blir tilpassa vekstforholdet, og at skogen tek opp meir co₂. I tillegg skal kvaliteten på tømmeret bli betre av dette.

– Det at regjeringa grip fatt i dette og sett i verk tiltak som redusere avskoginga, er heilt nødvendig. Dei viser sjølv til FN sitt klimapanel i samband med skog, og noko av det klimapanelet peiker på, er at vi må plante meir skog. I Norge ligg det godt til rette for det.

God balanse mellom natur og teknologi

Annonse

Skorge meiner regjeringa har klart å balansere satsinga på grøn teknologi og natur på ein meir balansert måte enn tidlegare.

– Vi har sakna balansen mellom dette, og det synest vi er betre no. Skal vi klare å nå klimamåla må vi bruke begge deler.

Han peiker på at skogen lagrar halvparten av Co₂-utsleppet i Norge, og at det er store moglegheiter for å auke denne karbonfangst og -lagring.

– Det kan bli gjort utan at det får på kostnad av andre omsyn, til dømes naturmangfald. Dei løftar fram begge deler, og det betyr mykje for opptaket i skogen i framtida.

Han peiker òg på at skogen kan vere til god nytte på dei område som ikkje er enkle å elektrifisere.

– Vi trur dei tenker riktig, det er bra at dei tør å satse på teknologiske løysingar, men vi må òg evne å bruke naturen sine eigne lunger. Dei følger opp med at vi skal halde fram med biodrivstoff på område det er vanskeleg å elektrifisere, for eksempel flytrafikk, langdistansebåtar og skogsmaskiner.

Det er likevel ikkje berre ros og lovord Skorge har å kome med i dag.

– Investeringane går framleis i stor grad til oljen, og det ser ikkje ut til å gå ned dei neste åra. Investeringar i næringslivet har vore det same dei siste 10 åra, og det blir ikkje eit grønt skifte før vi aukar desse investeringane, avsluttar han.

Ifølge Skorge er investeringane i olje på om lag 180 milliardar, medan annan industri er om lag 26 milliardar.

Neste artikkel

Det blir mer gammel skog i Norge