Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skjulte opptak på britisk gard viser forslåtte og lamma geiter

Tesco og Waitrose har sett avtalane med geitemjølk-merket St Helen’s Farm på pause etter å ha fått sjå opptaka frå skjult kamera.

Geitene på garden blir dratt rundt etter beina. Foto: Surge
Geitene på garden blir dratt rundt etter beina. Foto: Surge

Dyra blei utsett for ei rekkje brutale angrep på ein gard som sel geitemjølk til nokre av Storbritannias største daglegvarekjeder, inkludert Tesco, Sainsbury’s og Waitrose.

Garden i Yorkshire leverer til selskapet St Helen’s Farm, som er det mest kjende geitemjølk-merket i Storbritannia, skriv The Independent.

Om lag ein time med opptak har blitt gjort med skjulte kamera, og deretter sendt til dyreverngruppa Surge. Dei har så spreidd opptaka til ulike media og advokatfirmaet Advocates for Animals, som sa at dette «set ljoset på mange alvorlege problem».

I videoane kan ein sjå geitene bli slått, sparka, dengt med jernrøyr og kasta på ryggen.

Geitene mekrar i smerte medan dei blir haldne etter nakken og merka i øyro eller utsett for brutal klauvskjering. Fleire av dei får også halane sine vridd om. Ei geit blir dratt rundt etter det eine beinet. Mange av geitene blir liggande lamma på bakken etter den valdelege behandlinga. Fleire daude eller døyande dyr er også observert i fjøset av aktivistane som filma.

I opptak tatt av dyreaktivistar kan ein sjå arbeidarane på geitegarden bere geitene etter halsen. Foto: Surge
I opptak tatt av dyreaktivistar kan ein sjå arbeidarane på geitegarden bere geitene etter halsen. Foto: Surge
Det blir tatt fleire brutale halsgrep. Foto: Surge
Det blir tatt fleire brutale halsgrep. Foto: Surge
Annonse

Kutta leverandøren

Dei siste åra har produkta basert på geitemjølk fått ein stor oppsving i Storbritannia, etter at fleire har gått vekk frå kumjølk.

Då The Independent viste daglegvarekjedene som kjøper produkta til St Helen’s Farm opptaket dei hadde fått av Surge, sette dei alle avtalar med merket på pause mellombels.

St Helen’s Farm er eit stort merke med mange leverandørar. Dei kjøper geitemjølk frå mange gardar i området Midlands.

Ein talsperson for selskapet har stadfesta at opptaka er frå ein av gardane dei har brukt, men at så fort dei blei gjort merksame på det så kutta dei ut leverandøren.

Geiter er følsame dyr

I den britiske dyrevelferdslova «The Animal Welfare Act 2006» heiter det at alle dyr, inkludert gardsdyr, skal beskyttast frå smerte, skade, liding og sjukdom.

– St Helen’s er det mest prominente og velkjende geiteselskapet i Storbritannia. Dei blir sett på som dei beste av dei beste. Men, det betyr ingenting for dyra. Geiter er følsame, nysgjerrige og snille dyr, men industrilandbruket brukar dei som råvarer dei kan utnytte for profitt, seier Ed Winters, medgrunnleggar og direktør i Surge.

Han seier at han ikkje har trua på St Helen’s Farm. Selskapet seier på si side at dei har strenge krav til gardane som leverer til dei.

Ein talsperson for daglegvarekjeda Tesco seier at saka må etterforskast skikkeleg, og at leveringane frå St Helen’s ikkje vil halde fram før det er gjort.

Neste artikkel

Noah krev konsekvensar etter geitegard-avsløring