Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skandinaviske og finske bjørnebestandar i ferd med å vekse saman

Bjørnar med austleg opphav er for første gong registrert i Nord-Sverige. Og dei skandinaviske bjørnane vandrar i hopetal over grensa til Finland for å slå seg ned der.

Det har blitt kartlagt bjørnar med austleg opphav i Nord-Sverige for første gong. Her er ein brunbjørn fotografert i Bjørneparken i Flå. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix / NPK

Ei ny undersøking viser at det er god utveksling av både individ og genar mellom bjørnebestanden i Skandinavia og nabobestanden i Finland, skriv Rovdata.

I undersøkinga er DNA-data frå 924 hannbjørnar med. Hannbjørnane vandrar ofte over store avstandar, medan binnene gjennom heile livet held seg der dei blei fødde.

Annonse

Sjølv om bjørnebestanden i Finland ekspanderer raskt, har det til no vore liten dokumentasjon av genutveksling til Skandinavia. Berre rundt Pasvik har dette blitt funne tidlegare.

Men i undersøkinga no har genar frå austlege bjørnar blitt funne i bestanden i Nord-Sverige.

– Dette tyder på at bjørnebestandane i Nord-Europa ikkje er genetisk isolert, slik ein tidlegare har antatt, seier Alexander Kopatz, som er genetikar og bjørneforskar ved Norsk institutt for naturforsking.

Han seier også at utvekslinga av genar på tvers av grensene fører til at bestandane er genetisk levedyktige. Dei to isolerte bestandane er no i ferd med å vekse saman. Rundt 30 bjørnar vandrar frå Skandinavia til Finland per generasjon og etablerer seg der.

Neste artikkel

Frykter færre rovviltnemnder gir dårligere lokalkunnskap