Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skal produsere laksechips på Os

Oppstartsselskapet Ocean Snacks henta nyleg inn over 800.000 kroner i ein emisjon og skal no starte fabrikk.

I utgangspunktet var gründer Henrik Bokelund på jakt etter 2.5 millionar kroner, men investorane har vore skeptiske, skriv iLaks.no. Likevel kunne selskapet før helga melde om å ha nådd grensa på 750.000 kroner, i tillegg til inntekt frå utlandet som gjer at dei passerer millionen.

Annonse

Pengane skal gå til husleige, utstyr og lønn, seier Bokelund. Dei håper å produsere 500 posar chips om dagen. Den skal seljast på festivalar og marknadsdagar i sommar, og i tillegg bli distribuert til hotell, daglegvarekjeder og restaurantar.

(©NPK)

Neste artikkel

Lag di eiga blomstereng