Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sjømatnæringa vil ha sjømat-flyplass i Bodø

Næringsorganisasjonen Sjømatbedriftene (tidlegare NSL) jobbar for at den nye flyplassen i Bodø skal byggjast slik at han kan ta ned store transportfly som kan frakte sjømat.

Næringsorganisasjonen Sjømatbedriften jobbar for at Bodøs nye flyplass kan ta ned store transportfly som kan frakte sjømat. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

I februar 2017 vart det kjent at den noverande flyplassen i Bodø skal erstattast av ein ny og større flyplass. Den nye lufthamna skal etter planen stå ferdig i 2025, skriv IntraFish.no.

Annonse

For laksenæringa har utfordringa vore at den sivile delen av den noverande flystripa ikkje har vore lang nok for å handtere store laksefly til Asia.

– Det er viktig at den nye flyplassen blir bygd for framtida. Bodø kan bli ein transport-hub for sjømat i mykje større grad enn byen er i dag. Her får vi flotte moglegheiter til å kombinere flytransport med veg, bane og sjø. Men det føreset at flystripa blir tilstrekkeleg lang, i tillegg tilpassa store transportfly på annan måte. Ein slik flyplass vil også kunne ta imot større passasjerfly enn det dagens flyplass gjer. Turisme vil i framtida bli viktigare for landsdelen, seier Kjetil Hestad til IntraFish. Han er fagsjef i Sjømatbedriftene (tidlegare Norske Sjømatbedrifters Landsforening).

Hestad har allereie tatt saka opp på Stortinget.

Avinor er i gang med å planleggje korleis den nye flyplassen i Bodø skal sjå ut og kva den primært skal brukast til.

Neste artikkel

Slik svarar Bollestad på kritikken mot pelsdyr-kompensasjonen