Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sjølingstad Uldvarefabrik freda

Sjølingstad Uldvarefabrik i Lindesnes kommune er blitt freda av Riksantikvaren. Dei gamle maskinene er framleis i drift i fabrikken frå 1893.

Sjølingstad Uldvarefabrik. Foto: Ulf I. Gustafsson / Riksantikvaren
Sjølingstad Uldvarefabrik. Foto: Ulf I. Gustafsson / Riksantikvaren

– Sjølingstad Uldvarefabrik er eit anlegg av nasjonal verdi, som fortel viktig industrihistorie. Tekstilindustrien var ein av dei første industriane som etablerte seg i Norge, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Annonse

Sjølingstad er i dag ein levande museumsfabrikk, der det framleis blir produsert ullvarer på dei gamle maskinene.

Ullvarefabrikken på Sørlandet er ein del av bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne i Noreg, der 15 utvalde anlegg får tilskot til istandsetjing og vedlikehald. Desse anlegga representerer eit nasjonalt tverrsnitt av kulturminne knytt til den industrielle utviklinga i landet. Sjølingstad Uldvarefabrik er valt som ein representant for ull- og tekstilvareindustrien frå siste del av 1800-talet og utover på 1900-talet.

Neste artikkel

Bønder forblir maskuline fedre