Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Semje om å reetablere villreinstamme i Nordfjella

Kommunane i Nordfjella-området underskreiv tysdag ein avtale med staten om gjenoppbygging av ein villreinstamme.

Villrein. Illustrasjonsfoto: Arne Nyaas
Villrein. Illustrasjonsfoto: Arne Nyaas

Avtalen kom i stand etter eit møte mellom kommunane Ulvik, Aurland, Lærdal, Hemsedal, Ål og Hol og landbruksminister Jon Georg Dale og politisk rådgivar Marit Kristine Vea i Klima- og miljødepartementet.

Bakgrunnen for møtet er vidare arbeid med villreinstammen etter fellinga av villrein i Nordfjella, etter at det vart påvist tilfelle av skrantesjuke, eller CWD (Chronic Wasting Disease).

CWD er ein såkalla prionsjukdom. Den råkar hjortedyr og minner om skrapesjuke hos sau og kugalskap hos storfe. Sjukdommen fører til at hjernen langsamt vert eten opp. Etter kvart begynner dyra å sikle, skjelve og vakle. Til slutt døyr dei.

Avtalen som vart underskriven på møtet tysdag, legg til grunn vidare samarbeid for å behalde friske stammar av villrein, i tillegg til å byggje opp ein frisk villreinstamme i Nordfjella.

– CWD har stilt både staten og kommunane overfor nye utfordringar. Det blir viktig at staten og kommunane står saman også i den fasen vi no går inn i med å leggje til rette for vellykka reetablering av ein frisk villreinstamme i Nordfjella. Eg er derfor glad for at vi no har etablert ein samarbeidsavtale om dette, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

(©NPK)

Neste artikkel

Her skal det testes for skrantesjuke i år