Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Samuel Rostøl trur hets hindrar all moglegheit for dialog

Norsk vegansamfunn er ti år gamalt, og har nyleg bestemt at dei skal bli eit livssynssamfunn. Nestleiaren Samuel Rostøl håper semje mellom bønder og veganar er mogleg.

Samuel Rostøl håper at dei kan rette fokuset tilbake til etikken og dyra ved å bli eit formelt livssynssamfunn. Foto: Rebecca Larsson
Samuel Rostøl håper at dei kan rette fokuset tilbake til etikken og dyra ved å bli eit formelt livssynssamfunn. Foto: Rebecca Larsson

Samuel Rostøl er nestleiar i Norsk vegansamfunn, som er ti år i år. Veganisme har lenge vore godkjent som eit livssyn fleire stadar i verda, men det er først no det norske vegansamfunnet formelt søker om å bli det.

– Det vi ønsker med overgangen er å gjere det enklare for folk. Vi merkar at det har tatt ei utvikling der dei fleste trur det handlar om maten, og no vil vi rette fokuset tilbake på dyra.

Samuel Rostøl

Namn: Samuel Rostøl

Kallenamn: – Ingen som eg veit om

Alder: 36 år

Utdanning: Sjukepleiar og multimedieteknologi. Jobbar som sjukepleiar i dag

Frå: Kvinesdal i Agder, bur i Sverige

Veganisme handlar om å unngå produkt som utnyttar produkt frå dyr så langt det let seg gjere. Dei et ikkje kjøtt, egg eller mjølkeprodukt, og bruker ikkje skinn, pels eller andre produkt som kjem frå dyr. Heller ikkje produkt som nyttar dyretesting.

– Ved å ta eit standpunkt set vi fokus på etikken, framfor maten.

Som livssynssamfunn vil dei òg få moglegheit til å søke om statsstøtte. Til den svenske nettstaden Anlib seier Rostøl at det vil gjere det enklare for unge menneske å vere medlem.

– Det gjer at vi kan ta vekk medlemsavgifta, som er eit hinder for mange unge menneske og at vi i større grad kan konkurrere med kjøttlobbyen.

Medlemsavgifta i Norsk vegansamfunn er i dag på 200 kroner året. Som eit livssynssamfunn kan dei få ei statleg støtte på 580 kroner per medlem. Norsk vegansamfunn har om lag 500 medlem i dag.

Ikkje eit absolutt livssyn

Rostøl seier alle som vil kan vere medlem, og at hans eiga reise mot veganisme ikkje var gjort over natta. Norsk vegansamfunn vil vere der for å rettleie og støtte alle som ønsker å leve etter veganismen.

Annonse

– Eg trur ikkje terskelen for å melde seg inn blir høgare når vi blir eit livssynssamfunn. Vi ønsker å støtte alle som leikar med tanken, og dei som ønsker å prøve å leve vegansk.

– Sjølv var ikkje min overgang gjort over natta. Eg brukte over eitt år på å gå frå å vere altetande til å bli veganar.

– Mange bønder føler at vi angrip arbeidet deira

Når ein intervjuar ein av dei fremste veganaren i Norge, er det umogleg å ikkje kome inn på konfliktane mellom bøndene og veganarane. Rostøl trur sjølv det er etikken som gjer det utfordrande å få til ein ordentleg dialog mellom dei to partane.

– Det finst folk som hetsar og trakasserer på begge sider. Mange bønder opplever å bli hetsa av veganar, og veganar opplever å bli hetsa av bønder. Eg trur mange av bøndene føler at vi angrip arbeidet deira.

Veganar og bønder har jo eigentleg ein del til felles?

– Ja, vi begge ønsker at dyra skal ha det betre. Der det stoppar, er når dyra skal avlivast. Det er semje fram til den siste detaljen, og den detaljen er ganske stor, seier han.

– Det blir vanskeleg å sjå auge til auge med kvarandre.

Elles meiner han det er viktig at folk kan kritisere kvarandre, men at utviklinga blir stoppa når den eine parten prøver å kvele ytringsfridomen til den andre ved å hetse til stille. Han håper det er mogleg å få til ein ordentleg dialog i framtida.

– Eg håper at vi ein dag blir ei vegansk verd, men at vi har kome dit med einigheit, seier han.

Fem kjappe


– Korleis er ein draumedag for deg?

– Ein sekk på ryggen, fjellsko på beina, ei god suppe i termosen på veg opp ein ny fjelltopp med ein hyggeleg ven eller to.

– Kva les du om sommaren? Har du eit boktips?

– Eg pleier å lese når eg har tid. Min absolutte favoritt er Shantaram av Gregory David Roberts.

– Kven ville du stranda på ei aude øy med?

– Aller helst ein kjælen gris.

– Kva er din favoritt-feriestad?

– Norge. Norsk fjellnatur, uansett kor. Eg har alltid kost meg uendeleg mykje. Eg trur vi får mykje igjen for å sjå norsk natur og at vi må ta vare på han. – I Kvinesdal er der ein stad Heksegryta. Det går an å bade der, og så er det fire fossar innanfor 100 meter. Det må vere ein av mine favorittstadar. Dette blei veldig heimekjært.

– Kva er ditt beste ferieminne?

– Det må vere når eg reiste til Pakistan og kom frå Kina inn frå fjella i Kasjmir-området. Naturen der er veldig lik Norge, men dimensjonane er større. Dalane er djupare, elvene renn kjappare, og fjelltoppane er høgare. – Å køyre med 15 cm klaring på hjula ved sida av ei elv var òg spennande, vakkert og herleg.

Neste artikkel

Kjøttspising er det virkelige overskuddsfenomenet